Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utanlandsbehandling

Ein pasient kan etter pasient- og brukerrettighetsloven § 2-4a, 2. ledd ha rett til å få dekt behandling i utlandet dersom:   1. pasienten har rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta og 2. det ikkje finst eit tilbod i Noreg eller helsehjelpa i utlandet er dokumentert meir verknadsfull enn det som vert tilbydd av det offentlege i Noreg.

Dette betyr at eksperimentell eller utprøvande behandling som hovudregel ikkje vert dekt.
Lang ventetid gir heller ikkje rett til behandling i utlandet etter denne ordninga.
Legemiddel / metodar som er beslutta ikkje innførd i Noreg, vert ikkje godkjent, jf spesialisthelsetjenesteloven § 4-4.

Det er vanlegvis sjukehuslegen som søkjer, men også fastlege, pasient eller andre med fullmakt frå pasienten kan søke om behandling i utlandet.

Det er mulig å søke om refusjon av utgifter i etterkant av behandling, men det er tilrådd å søke på førehand. I motsett fall risikerer pasienten å måtte dekke alle kostnader til behandling, reise og opphald sjølv. 

Pasienten vil i slike tilfelle heller ikkje ha rett på erstatning frå Norsk pasientskadeerstatning (NPE) ved feilbehandling.
 
Dersom du får avslag på søknaden, kan du klage på vedtaket. Du må sende klagen til Eining for utanlandsbehandling innan fire (4) veker etter at du fekk vedtaket. Eininga går gjennom klagen og vurderer om vedtaket deira skal endrast eller oppretthaldast. Viss dei opprettheld vedtaket, sender dei klagesaka di til Nasjonalt klageorgan for helsetenesta for ny vurdering.

Eining for utanlandsbehandling i Helse Vest har ansvar for behandling av søknader frå pasientar som er folkeregistrert i Rogaland og Vestland.

 

Søknadsskjema:

Last ned skjemaet for å fylle ut elektronisk.

Download the form to fill in electronically.

 

Rettleiing:

 

Randi Rune, 55 97 69 29
Pål Farsund, 55 97 07 56

Adresse:
Eining for utanlandsbehandling 
Helse Bergen HF
Postboks 1400
5021 Bergen​​

    ​​​

    ​​

    Sist oppdatert 10.09.2023