Helse- og omsorgsdepartementet fattar vedtak om etablering og avvikling av landsfunksjonar og nasjonale medisinske kompetansesenter og ved kva regionale helseføretak desse skal vere lokalisert. Årsaka er å sikre god ressursutnytting, høg kvalitet på behandlingstilbodet blant anna ved å sikre eit tilstrekkeleg pasientgrunnlag og ei rimeleg geografisk fordeling av landsfunksjonar og nasjonale medisinske kompetansesenter.
Dei regionale helseføretaka inngår eit samarbeid om lokalisering av fleirregionale funksjonar, samt å etablere nødvendige avtalar om kostnadsdeling eller kjøp av tenester.
Dei regionale helseføretaka kan sjølv etablere og avvikle regionale funksjonar og kompetansesenter.
Etablering av regionale og nasjonale kompetansesenter ved Helse Bergen tilfører sjukehuset kompetanse og ansvar innan fagutvikling og forsking på eit høgt fagleg nivå, og bidrar til utvikling av universitetssjukehusfunksjonane ved Helse Bergen.