Svangerskap - overtid 

Overtid i svangerskap er definert som at svangerskapet varer meir enn 42 veker, eller 12 dagar over den termindato som er fastsett ved ultralyd. Dei aller fleste føder innan utgangen av veke 41, men ca. fem prosent av dei gravide går utover denne tida.
Av Kvinneklinikken, Haukeland universitetssjukehus
 

 Kategoriar

 Blir utført ved

Kva som er årsaka til at fødselen ikkje startar innan dei 42 vekene er ikkje klart. Hos nokre kvinner er funksjonen til morkaka litt redusert etter 42 veker svangerskap, og dette kan gi barnet mindre gunstige forhold i form av at barnet ikkje legg på seg eller ikkje produserer normalt med fostervatn. Derfor skal overtidige svangerskap bli kontrollert nøye. Fødeavdelinga har faste rutinar i tråd med nasjonale retningslinjer for korleis vi følgjer opp overtidige svangerskap.

Les meir om våre retningslinjer for overtidige svangerskap her (søkjeord: "overtid")


Publisert 19.05.2010 23:26 | Endret 11.05.2012 10:02 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo