Subtrokantære brot 

Subtrokantære brot utgjer om lag fem prosent av hoftebrota og oppstår lenger nede på lårbeinet enn dei pertrokantære brota. Desse brota blir i prinsippet operert på same måte som dei pertrokantære brota, det vil seie med glideskrue eller margnagle.
 
Dei er likevel noko meir ustabile og tilheler ikkje sjeldan med ei feilstilling som kan gi plager i form av smerter, beinlengdeforskjell og innskrenka mobilitet i hofta. Pasientane bør avlaste etter evne dei første seks vekene.

 Kategoriar

 Diagnose

 Blir utført ved


Publisert 25.05.2010 23:35 | Endret 04.08.2010 09:24 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo