Kneprotese er siste behandlingsalternativ ved bruskskade i kne. Åtte av ti pasientar blir godt nøgde etter protesekirurgi, men 15 prosent er ikkje nøgde og fem prosent er direkte misnøgde. Ei av Register for leddprotesar sine oppgåver er å finne ut kvifor nokon blir misnøgde. Protesekirurgi er stor kirurgi, som belastar kroppen. Har du alvorleg hjarte- eller lungesjukdom kan det hende du ikkje bør gjennomføre protesekirurgi. Problem etter kneprotesekirurgi kan vere blodpropp, infeksjon og smerter med dårleg mobilitet.
Det blir utført 3500 førstegongs kneproteseoperasjonar i Noreg kvart år. Over 50 sjukehus i Noreg utfører inngrepet. Sidan 1994 har alle sjukehus i Noreg rapportert inngrepet til vårt register. Registeret er eigd av Norsk Ortopedisk Foreining (spesialforeining i legeforeininga), og drifta er finansiert av Helse Bergen og Helse Vest. Datatilsynet har gitt konsesjon til registeret, og er basert på samtykke frå deg som pasient.
Formålet med registeret er å auke kvaliteten på protesekirurgien i Noreg. Dette blir gjort ved tilbakemelding om resultat til kvart enkelt sjukehus, gjennom årsrapportar og forsking. Kirurgane fyller ut eit skjema etter kirurgi, som blant anna inneheld detaljert informasjon om protesen som blir brukt. Ved ein eventuell framtidig reoperasjon blir det same skjemaet fylt ut. Ved hjelp av levetidsanalysar reknar ein ut kor lenge protesane vil halde. Vi gjennomfører også forskingsprosjekt der vi sender ut spørjeskjema til pasientane for å undersøke korleis dei har det etter operasjonen.
Dei vanlegaste sjukdommane der kneproteskirurgi er aktuelt, er ved artrose (slitasjegikt), revmatoid artritt (leddgikt), bruskskade etter brot, bruskskade etter korsbandskade og meniskskade. Før kirurgisk behandling må konservativ behandling vere prøvd. Dette omfattar styrketrening, fysioterapi, vektreduksjon og medisinar som paracetamol eller NSAID. Det er tilrådd å halde styrken i muskulaturen ved like ved hjelp av gange på mjukt underlag og sykling. Dette lindrar smerta.
Etter at du har fått kneprotese kan du håpe på å kunne gå turar i terrenget, spele golf og gå turar på ski. Du kan ikkje jogge, spele fotball eller drive idrett som medfører behov for hopping. Når smerta ved gange eller i ro er moderat til sterk trass annan behandling som er foreslått over, og røntgenbilete viser slitasje av brusken (redusert tjukkleik) i kneet (figur 1: Artrose med redusert brusk i kneet), kan det vere aktuelt å tilby deg kneproteseoperasjon. Fastlegen din kan då tilvise deg til din lokale ortopediske sjukehusavdeling, der du blir undersøkt av ein ortopedisk kirurg.
Dersom du og kirurgen din blir samde om operasjon med ein kneprotese, blir du søkt inn til innlegging. Ventetida for kneprotese i Noreg varierer frå fjorten dagar til seks månader. Dersom ditt lokale sjukehus har lengre ventetid enn du meiner du kan vente, og du er villig til å reise til eit anna sjukehus, kan du søke på nettstaden www.frittsykehusvalg.no.
Før kirurgi blir det tilrådd at du aukar styrken i muskulaturen og mobiliteten i kneet, anten med eigentrening eller ved hjelp av ein fysioterapeut. Då blir resultatet betre. Ved kneprotesekirurgi blir kneleddet opna til sida for kneskjellet, og brusk og bein kuttast med sag. Det blir brukt sikteinstrument for å gjere beinkutta så nøyaktige som muleg. Dei seinare åra har computer-navigering blitt tatt i bruk ved nokon sjukehus. Beinkutta blir då truleg litt meir nøyaktige, men inngrepet tar lenger tid og det må borast pinnar inn i legg og lårbein. Det er ikkje vist at computer-navigering på lang sikt gir betre resultat sidan det er ein ny metode. Vi forskar på dette i registeret. Det beinet som er kutta bort blir erstatta med metall (vanlegvis kobolt krom eller titan) og plast (polyetylen). Metallet blir som regel støypt fast til beinet med beinsement (polymethylmetacrylat). Dersom protesen blir sett feil inn kan dette føre til dårleg mobilitet, og tidleg losning og slitasje av plasten.
I Noreg blir vanlegvis sementerte kneprotesar brukt utan kneskjellskomponent (utan patellakomponent). (Figur 1 og 2: Røntgenbilete av kneprotese med sement utan patellakomponent. Figur 3: Bilete av kneprotese på plastbein med patellakomponent). Desse protesane har gitt gode resultat, og 92 prosent av pasientane har framleis sin protese i kneet etter ti år (Furnes 2002, Furnes 2005, Furnes 2007).
Dersom pasientane er unge (under 60 år), slitast og losnar protesane raskare. Det viser seg at 15 prosent av protesane har blitt skifta ut etter ti år i denne aldersgruppa.
Er pasientane over 70 år vil berre fem prosent av protesane vere skifta ut etter ti år (Furnes 2007). Du vil såleis ha ein stor sjanse for å behalde protesen resten av livet dersom du er over 70 år. Ved ein-kammerartrose kan kirurgen velje ein-kammerprotese (unikondylær protese). Dette er ein noko meir krevjande protese å operere for kirurgen, men den gir vanlegvis litt betre bevegelse og funksjon enn totalprotese. Ulempa er auka tendens til losning og brot rundt protesen (Furnes 2007). (Figur 4: Røntgenbilde av unikondylær kneprotese.) Resultatet etter ein reoperasjon på kneprotese er dårlegare enn etter førstegangsoperasjon, men resultata er likevel ganske bra. I nokon få sjeldne tilfelle etter infeksjon må kneet stivast av eller beinet amputerast på låret.
Kneprotese er vanlegvis ei god behandling. På ein skala frå 0 til 10 har pasienten vanlegvis verdien 2 etter proteseoperasjon. 0 er ikkje smerte og 10 er ulideleg smerte. Dei fleste har god smertelindring etter tre månader, med ein bøy i kneet på 90 grader. Etter eitt år er bøyen vanlegvis 100 til 110 grader og styrken er ytterlegare forbetra. Det skjer vanlegvis noko betring frå eitt til to år etter operasjon, men sjeldan seinare. Det er lettare å kome seg opp frå stolar, gå i trapper og å sykle dersom bøyen i kneet er over 90 grader. God smertelindring etter operasjonen og rask start av trening er derfor viktig. Vanlegvis skal du opp av senga dagen etter operasjonen, og starte treninga. Liggetida på sjukehus varierer i Noreg, men er vanlegvis mellom tre og ti dagar. Dersom du klarer deg sjølv kan du reise rett heim og trene sjølv etter instruksjon frå fysioterapeut.
Dersom du har problem med å klare deg heime kan eit opphald på rehabiliteringsinstitusjon som har fysioterapeut vere aktuelt. Normalt blir du kontrollert hos kirurgen din tre månader etter operasjonen. Stinga blir fjerna etter 14 dagar. Smertene blir raskt mindre, men kan vere plagsame de første to til tre vekene. Det er viktig med god smertelindring dei første vekene for å kunne trene. Norske kirurgar har vore flinke til å rapportere til registeret, og truleg har over 95 prosent av operasjonane blitt rapportert (Espehaug 2006). Resultata har betra seg dei siste åra (Årsrapport 2008), truleg som resultat av betre protesar, betre kirurgisk teknikk og forbetra utdanning. Kirurgane må gjennom seks-sju års legeutdanning og halvtanna års turnusteneste, og etter dette ei obligatorisk spesialistutdanning i ortopedisk kirurgi på seks år, med eit minimum av kneproteseoperasjonar saman med ein erfaren kirurg, i tillegg til gjennomført obligatorisk kurs i protesekirurgi. Registeret sine medarbeidarar deltar som instruktørar på kurset, og det er skriven ei norsk lærebok til dette kurset (Protesekirurgi i hofte og kne. www.legesiden.no).
Publisert
01.06.2010 06:53 |
Endret
01.06.2010 18:28