”Mitt Haukeland”: 100 år i teneste 

Logo 

Mange er dei som gjennom åra har hatt sitt daglege arbeid ved Haukeland,
har fått behandling på sjukehuset, har fødd her, vore på besøk her - eller som berre veit at sjukehuset er der om dei treng det. Alle desse kan med rette tenkje på sjukehuset som ”sitt Haukeland”.



Vi tar dagens avanserte sjukehustilbod for gitt, men dette er resultatet av eit formidabelt arbeid som tilsette på sjukehuset har bidrege med gjennom desse hundre åra. Vi kan enno gå i dei same gangane som dei første pasientane gjorde i 1912, vi har hundre år gamle bygningar som enno er i dagleg bruk. Men det har vore ei kolossal utvikling, innhaldet i bygningane er noko heilt anna enn det var i januar 1912.


   

Sjukehuset er bygd på området til gamle Haukeland gard. Her har forskarar kjempa for å finne medisin mot farlege infeksjonssjukdomar, her blei Noregs første treårige utdanning for sjukepleiarar oppretta. Dag for dag gjennom 100 år, har tilsette gitt sitt bidrag til det sjukehuset vi har i dag.

Vi er stolte over sjukehuset vårt, og vi ønskjer å arbeide på ein slik måte at alle kan vere trygge på at dei får den hjelpa dei treng. Pasientsikkerheit vil vere ei av fanesakene i år, dette er viktig for å sikre at pasientane får god behandling.

”Haukeland i 100!” er også stikkord for jubileumsfeiringa. Som ein livskraftig 100-åring er vi på full fart inn i framtida. 2012 er året da vi verkeleg skal vere i farta. Vi skal vere synlege på både vanlege og uvanlege stader. Oppdatert informasjon om dei ulike aktivitetane vil du finne på aktivitetskalenderen på denne sida.

Det viktigaste innhaldet på nettsida er likevel det historiske innhaldet. Jubileumsnettsida vår skal utvikle seg gjennom heile året ved at stadig fleire skal bidra til historieskrivinga.

Siste nytt - Webdel for å liste ut sider i portalen basert på kanal, innholdstype etc  Siste nytt

Haukeland i 100 år  Haukeland i 100 år

Her er nokre smakebitar frå aktivitetane gjennom året:

 

  • Open dag på sjukehuset Sjukehuset med stands på kjøpesenter og andre offentlege stader
  • Bok om sjukehuset laga av Doddo Andersen og Oddleiv Apneseth
  • Jubileumsrevy
  • Festførestilling
  • Bestillingsverk av Ole Hamre ”Lyden av Haukeland”
  • Historisk utstilling
  • Historisk forskingsprosjekt
  • Haukeland i 17.mai-toget med eigne bue- og musikkorps

Pluss ei rekke andre aktivitetar som vil dukke opp med jamne mellomrom heile året.

Velkommen til å ta del i jubileumsfeiringa for Haukeland!

 

 

 

Gades institutts jubileumssider

Aktivitetar  Aktivitetar

17. januar: Offisiell opning av jubileet kl. 08.30 i sjukehusparken med musikk og tale. Bursdagsfeiring med underholdning og kake til alle i foajeen frå klokka 11.00. 

2. & 3.februar: Haukeland skal profilere seg gjennom å ha ansvaret for alle kulturinnslag på Lederkonferanse i NSH-regi.

16, 17, 20, 21, 22, 23. Februar: Jubileumsrevy på Haukeland

17.mai: Deltaking i 17.mai-toget med eige buekorps og musikkorps

3. Juni: Open dag

August: Start for eit historisk forskningsprosjekt der to historikarar frå Rokkan-senteret skal skrive om utviklinga av spesialisthelsetenesta på Vestlandet med utgangspunkt i Haukelands 100-årige historie. Dette blir avslutta i 2015 med bokutgiving

1. oktober: Lansering av boka om Haukeland, skrive av Doddo Andersen og foto av Oddleiv Apneseth

10. & 11. oktober: Tre festførestillingar i Haukelandshallen. ”Lyden av Haukeland”. Komposisjon av Ole Hamre skal ha urpremiere på festførestillinga i live-versjon.

Tidleg desember: Konferanse med afrikanske samarbeidspartnarar, i regi av Avdeling for internasjonalt samarbeid

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo