Ytre miljø arbeider med påverknaden som sjukehusdrifta har på naturen. Sjukehusdrifta gir i dag utslepp til luft, vatn og jord, samt at store naturressursar går til produksjon av ulike produkt. Oppgåva vår blir å arbeide for å gjøre påverknaden på naturen minst mogeleg.
Ved å arbeide med miljøspørsmål bidrar vi med å førebygge helseproblem som kan komme av ulike forureiningar.
Ytre miljø er ein del av HMS- seksjonen. HMS (helse, miljø og sikkerhet) er det systematiske arbeidet som alle medarbeidarar i Helse Bergen skal drive i fellesskap, for å sikre at drifta ikkje forårsakar negative skadeverknader på arbeidstakarane, pasientar og pårørande, naturen, utstyr og bygningsmasse.
Helse Bergen har som mål å bli miljøsertifisert i løpet av 2013. Gjennom miljøstyringssystemet blir miljøfokuset ein integrert del av drifta og standardane stiller krav til kontinuerleg forbetring.