Lokala våre
Avdelinga ligg i ein eigen fløy knytt til Haukeland universitetssjukehus.
Romma til pasientane er innreidd som ein hybel, med rammemadrass og lenestol, og halde i lyse fargar – kvart rom har sin farge. Posten har eige kjøkken og ei lys og triveleg spisestove. I tilknyting til denne ligg daglegstova, der dei fleste oppheld seg i kviletida.
Vi har eigne terapirom for fysioterapi og ergoterapi, samt grupperom for samtalar og undervisningsgrupper. Alle behandlarar har sine kontor i eininga.
Måltida
Måltida er ein vesentleg del av behandlinga. Det vert servert fire måltid for dagen i spisestova. Pasientane et i lag med personale. I tillegg er det frukt og drikke tilgjengeleg mellom måltida.
Det vert lagt opp til eit sunt og næringsrikt kosthald, slik at gode matvanar kan innarbeidast under opphaldet. Trivsel og hygge ved måltida er viktig.
Publisert
22.02.2010 11:30 |
Endret