Psykisk helse angår alle. Nesten halvparten av oss vil i løpet av livet oppleva lettare eller tyngre psykiske lidingar.
Divisjon psykisk helsevern skal tilby utgreiing, behandling og rehabilitering til barn, unge og vaksne som vert tilvist til ein av våre sju klinikkar.
Behandlingstilbodet omfattar akuttbehandling, ambulante tenester, poliklinisk behandling, dagbehandling og døgnbaserte tenester.
Som hovudregel får våre pasientar behandling ved eit lokalt distriktspsykiatrisk senter (vaksne) eller ved ein lokal barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk. I tillegg finst eit sjukehustilbod for dei som har behov for særleg spesialiserte behandlingstilbod.
Våre sju klinikkar:
Divisjonen har også ansvaret for Bergen bosenter
Ved Voss sjukehus finn du:
Forsking innan psykisk helse