Hopp over navigasjonskoblinger.

Personal- og organisasjonsavdelinga 


Personal- og organisasjonsavdelinga er sjukehuset sitt samla fagmiljø for rådgjeving og utviklingsstøtte innan HR området. I sjukehuset er det den enkelte leiar som har ansvar for oppfølging av eigne medarbeidarar, og for å fatte nødvendige avgjersler knytt til tilsetting, oppfølging og endring. Våre medarbeidarar gir støtte til leiarane i deira utøving av leiarrollen i form av opplæring, leiarrådgjeving, leiarutvikling, prosjektleiing og utvikling av rammeverk og rutinar. Til kvar eining er det det knytt ein personalrådgjevar og ein HMS-kontakt som er leiars kontaktpunkt til fagmiljøet i Personal- og organisasjonsavdelinga.

Personal- og organisasjonsavdelinga gir bistand på følgjande hovudområde:

  • Bemannings- og arbeidsplanlegging
  • HMS
  • Leiarutvikling
  • Lønnsforhandlingar, forlik og avtaleverk
  • Omstilling
  • Organisasjonsutvikling
  • Personalpolitikk og personalhandbok
  • Rekruttering
  • Vikartenester
Medarbeidarane i Personal- og organisasjonsavdelinga er delt på fem seksjonar, og dei arbeidar gjerne i team på tvers av seksjonane for å løyse sine oppgåver. Dei har høg kompetanse innan sine fagområder, og avdelinga legg stor vekt på fagleg utvikling for den enkelte, for seksjonane og for avdelinga som heilhet.

Våre einingar
BemanningssenteretHMS-senteretStrategi, organisasjon og leiing | PersonalpolicyBemanningsløysingar og tarifforhandlingar



Kontakt oss
Telefon 55 97 66 00
Personalavdelingen@helse-bergen.no


Bemanningssenteret
Telefon 55 97 69 00, besøksadresse: Sentralblokka, 3. etasje

HMS-senteret
Telefon 55 97 38 50, besøksadresse: Jørgen Sandbergs Hus, 3. etasje

Personal- og organisasjonsdirektør: Trond Søreide


Publisert 22.02.2010 12:41 | Endret  

 Relaterte lenker

 Fakta

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo