Psykiatrisk akuttmottak (PAM) gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet i PAM består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie.
Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter eit opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta.
PAM tar imot både pasientar som frivillig ønskjer behandling og pasientar som er underlagt tvungent psykisk helsevern.
På sengepostane (PAM 1/PAM 2) har vi i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Målsetjinga er å gi raske og fagleg kompetente vurderingar som kan danne eit grunnlag for videre diagnostikk og behandling.
På sengepostane får du tildelt behandlar og miljøkontakt. Behandlar kan vere psykiatar, psykologspesialist eller lege i spesialisering. Miljøkontakt er som oftast sjukepleiar eller hjelpepleiar. PAM har også knytt til seg sosionom og prest.