Økonomi- og finansavdelinga har ansvar for økonomistyring, innkjøp, lønn/fråvær, rekneskap og oppfølgjing av ei rekkje av dei administrative fagsystema i Helse Bergen.
Vi skal drifte viktige administrative funksjonar som sikrar at våre tilsette får rett lønn til rett tid og at det blir gjennomført
gode innkjøpsprosessar som gir rett kvalitet til ein rett pris.
Avdelinga har ein sentralisert
lønn- og rekneskapsfunksjon som tek seg av alt lønns- og rekneskapsarbeid i føretaket.
Innanfor
økonomistyring følgjer controllerane i Økonomi – og finansavdelinga opp leierane med råd og rettleiing. Avdelinga er heilt sentral i budsjettprosessen i føretaket og i den daglege oppfølginga av økonomien i Helse Bergen.
Fagsenter administrative system har eit sentralisert Servicesenter som leiarar og tilsatte i Helse Bergen kan kontakte for spørsmål og hjelp i dei administrative systema. I tillegg har vi eit fagmiljø som har kompetanse på systemutvikling, systemansvar, testing, prosjektleiing og brukaropplæring.
Til saman skal Økonomi- og finansavdelinga bidra til at Helse Bergen gir alle brukarane våre eit godt helsetilbod innanfor dei økonomiske rammene vi har.