Målgruppe og formål 

 
Målgruppa for læringstilboda ved LMS er personar som har ein kronisk sjukdom eller nedsett funksjonsevne, og deira familie og venner.
 

LMS har som mål at brukarane skal få utvida innsikt om eigen situasjon og bli styrka i sin meistring av kvardagen.

LMS er forankra i verdiane om brukarmedverknad og sidestilling av brukarerfaring og fagkunnskap. Læringstilboda vert utvikla i nært samarbeid med dei ulike fagmiljøa på sjukehusa og dei enkelte brukarorganisasjonane.

Erfarne brukarar har viktig kunnskap om korleis det er å meistre kvardagen med ein kronisk sjukdom eller funksjonsnedsetting. Erfarne brukarar kan og omfatte familie og andre pårørande.

Både den faglege kunnskapen til helsepersonell og brukarane sin erfaringskunnskap er nødvendige for å utvikle gode læringstilbod.

Rettleiing skal bidra til at enkeltmenneske gjer sjølvstendige val og får kraft til å meistre eigen livssituasjon. Brukarane sine erfaringar skal vere utgangspunktet for rettleiing og informasjon.

Brukermedverknad kan definerast som «aktiv deltagelse fra pasienter, pasientrepresentanter eller potensielle pasienter, i planlegging, overvåkning og utvikling av helsetilbud» (Crawford et al., 2002, s.1263).

Gruppetilbod - tilboda på LMS er i grupper fordi læring er ein sosial prosess der deltakarane og lærer av kvarandre. 

Læring kan definerast som relativt varige endringar av kunnskapar, ferdigheiter og haldningar.

Meistring dreier seg i stor grad om opplevinga av å ha krefter til å møte utfordringar og å ha kontroll over eige liv.

Ut frå denne forståinga har LMS utvikla ein standardisert samarbeidsmodell for å planlegge, gjennomføre og evaluere læringstilbod. 

Les meir om læring og meistring her.

Publisert 04.06.2010 21:23 | Endret 21.09.2010 11:23 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo