Om oss 

 
Kvinneklinikken i Bergen (KKB) er den nest største føde/barseleininga i Noreg, med om lag 5000 fødslar i året.
 
Klinikken har og ein stor gynekologisk seksjon, der vi har eit breitt tilbod innan utgreiing og behandling av kvinnesjukdommar. Klinikken har regionansvar for behandling av gynekologiske kreftsjukdommar.

Målet for arbeidet vårt er å gi eit fagleg høgverdig tilbod innan fødselshjelp og kvinnesjukdommar til kvinner i vårt nedslagsfelt. Vi satsar mykje på kvalitetsarbeid, forsking og systematisk fagleg utvikling for til ei kvar tid å kunne tilby pasientane våre den aller beste behandling og oppfølging.

Vi arbeider målretta for å vedlikehalde og vidareutvikle det gode arbeidsmiljøet vårt og skal halde fram med å vere ein attraktiv arbeidsplass også i framtida. På Kvinneklikken arbeider om lag 500 høgt kvalifiserte fagfolk. Undervisning av studentar frå høgskular og universitet er ein viktig del av oppdraget vårt.

Saman vil vi gjere vårt beste for deg!


Kvinneklinikken består av fem seksjonar

Seksjon for generell gynekologi
Seksjon for gynekologisk kreft
Seksjon for fostermedisin og ultralyd
Seksjon for assistert befruktning
Fødeseksjon


Leiing og administrasjon ved Kvinneklinikken

Klinikkdirektør: Ingrid Johanne Garnes
Konst. klinikkoverjordmor: Trude Knag Johannessen 
Klinikkoversjukepleiar: Linda Grung Ertzeid 
Klinikkoverlege: Susanne Albrechtsen
Kontorleiar: Marit Wilhelmsen


Publisert 27.04.2010 09:40 | Endret 15.04.2013 14:39 

 Årsrapportar

 KK i verda

Mor/barn-samarbeidet med Malawi starta opp i 2007 og er eit klinisk samarbeidsprosjekt mellom kvinneklinikkane ved Haukeland universitetssjukehus (HUS), Oslo universitetssykehus (OUS) og Universitetssykehuset i Nord-Norge (UNN) og Kamuzu Central Hospital (KCH) og Bwaila Hospital i Lilongwe, Malawi.

Les meir
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo