Helse Bergen skal fremme og legge til rette for klinisk forsking i helseføretaket. Eit av tiltaka Haukeland universitetssjukehus (HUS) har sett i verk er å etablere Klinisk forskningspost.
Posten samarbeider med Universitetet i Bergen (UiB) og er delt i to forskingseiningar; ein for vaksne og ein for barn.
Forskingsposten legg til rette for kliniske studiar med utspring i det lokale forskarmiljøet ved HUS og UiB, gjennom tilbod av infrastruktur og kompetanse. I tillegg vert det drive oppdragsforsking for eksterne oppdragsgjevarar.
Helse Bergen stiller lokale til rådigheit i tillegg til ein godt kvalifisert kjernestab med lege og sjukepleiarar. Desse er behjelpelege med dei ulike trinna i kliniske utprøvingar, bl.a. gjeldande lovverk/retningslinjer, søknadsprosessen, protokollskriving og logistikk.
Eining for vaksne:
Tlf: 55 97 28 90 / 55 97 70 77
E-post: kfpv@helse-bergen.no
Eining for barn:
Tlf: 55 97 57 20 / 55 97 52 70
E-post: kfpb@helse-bergen.no