Kva er lindrande behandling? 

 
 

Lindrande behandling er aktiv behandling, pleie og omsorg for pasientar med sjukdom som ikkje kan lækjast og kort forventa levetid.

Lindring av pasienten sine fysiske smerter og andre plagsame symptom står sentralt, saman med tiltak retta mot psykiske, sosiale og åndelege/eksistensielle problem. Målet med all behandling, pleie og omsorg er best muleg livskvalitet for pasienten og dei pårørande. Palliativ behandling og omsorg verken framskundar døden eller forlengjer sjølve dødsprosessen, men ser på døden som ein del av livet.
European Association for Palliative Care (EAPC) / Verdens helseorganisasjon (WHO)

Pasientar med sjukdom som ikkje kan lækjast og kort forventa levetid har ofte mange plager. Utfordringane er samansette, og det er derfor nødvendig med eit tverrfagleg behandlingsteam for å hjelpe pasienten og familien på beste måte. Det er også eit stort behov for forsking og fagutvikling for denne pasientgruppa.

Lindrande behandling

• bekreftar livet og innser at døden er ein normal prosess
• verken framskundar eller utset døden
• prøver å lindre smerter og andre plagsame symptom
• integrerer dei psykologiske og eksistensielle aspekta i omsorga for pasienten
• tilbyr eit støttesystem for å hjelpe pasienten til å leve så aktivt som muleg fram til døden
• tilbyr eit støttesystem for å hjelpe familien under pasienten sin sjukdom og gjennom sorgarbeidet
(WHO)
 


Publisert 17.06.2010 09:04 | Endret 21.05.2012 13:48 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo