Jobbfast 


Jobbfast er ein forskingspoliklinikk for traume og psykososiale belastningar i arbeidslivet. Klinikken starta opp hausten 2011.  

Mål med Jobbfast:

  • Utgreie, behandle og rehabilitere menneske med redusert helse som følge av konflikter, mobbing, seksuell trakassering eller varsling i arbeidslivet.
  • Forsking knytta til poliklinikken skal gi kunnskap om kva som skal til for at desse pasientane får betre helse og står lenger i arbeidslivet.

I 2013 er tilbodet ved Jobbfast slik:

  • Det blir tatt inn ein pasient per veke, som får eit utregreiings- og rehabiliteringstilbod som strekkjer seg over tre dagar.
  • Etter utgreiinga vert det ein tilbakemeldingssamtale med tilvisande lege og pasient etter ca. 4 veker pr telefon.


Kontakt oss
Telefon 55978245/55973875



Innhald i dagane ved Jobbfast

  • Pasienten møter eit tverrfagleg team av legar, psykolog, fysioterapeut og arbeidskonsulent
  • Det blir samtalar, utfylling av spørjeskjema og klinisk undersøking
  • Det blir undervisning og samtale om belastninga i arbeidslivet som pasienten er tilvist for, og om rettigheiter og plikter i arbeidslivet.

Vi oppsummerer funn og vurderingar saman med pasienten og eventuelt med pårørande og drøftar mulige tiltak vidare. Jobbfast har ei terapeutisk tilnærming, og vi gjer derfor ikkje sakunnige vurderingar.

Oppsummeringa blir presentert og tiltaka drøfta i oppfølgingsmøtet med tilvisande lege.

Foto av Seljeknoppar.

Nytteverdi

  • God behandling er at pasienten får fortelje si historie og får sette den i samanheng. Dette oppnår vi både ved utgreiing, eigenforteljing, undervisning og samtale.
  • I et samarbeid med pasienten og tilvisande lege er målet at pasienten kan vere yrkesaktiv. Jobbfast vil gi konkrete innspel i den samanhengen.  

Tilvisinga frå lege

Tilvisinga skal kome frå legar eller psykologar med avklart oppfølgingsansvar for pasienten. Helst vil vi ha bedriftslege eller fastlege med i samarbeidet.

Kriterium i tilvisinga:

  • Pasientar med redusert helse som følgje av konflikter, mobbing, seksuell trakassering eller varsling i arbeidslivet.
  • Tilvisaren må forplikte seg til ein
    oppfølgingssamtale per telefon der pasienten er hos
    tilvisaren etter utgreiinga på sjukehuset.
  • Det er ikkje eit krav at pasienten skal være sjukemeld.
  • Uavhengig desse kriteria bør bedriftslege vurdere bedriftsinterne tiltak.

Tilbodet ved Jobbfast kjem ikkje inn under pasientrettigheitslova når det gjeld juridisk bindande tidsfrist for oppstart behandling/utgreiing.

Prosjektplan for Jobbfast

Einingsleiar Jobbfast
Nils Magerøy, telefon 55 97 82 45
Yrkesmedisinsk avdeling
Haukeland universitetssjukehus



Publisert 03.08.2011 11:39 | Endret 07.05.2013 10:43 

 Dette er Jobbfast

 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo