Overlege Kristin Opedal |
Tilvising:
For å få tilbod om behandling treng du tilvisning frå lege eller psykolog. Alle pasientar må ha fastlege eller behandlar frå eit distriktspsykiatrisk senter (DPS), som senteret kan samarbeide med.
Tenester:
Behandlinga kan bestå av rådgiving, samtale, psykoterapi og/eller medikamentell behandling.
Senteret kan samarbeide med for eksempel NAV, rådgivingskontor for hørselshemma i kommunen, og andre instansar. Føresetnaden er at pasienten gir samtykke til dette.
Tilbodet er kun poliklinisk. Dersom det er behov for døgninnlegging, må det vanlege tilbodet i sjukehuset brukast. Senteret kan då bistå sjukehusavdelinga eller DPS.
Senteret samarbeider tett med privatpraktiserande psykologspesialist for hørselshemma Sissel Marit Grønlie. Ho har kontor i Bergen, men tar i mot pasientar busett på heile Vestlandet (Helse Vest sitt opptaksområde).
Dersom det er nødvendig med kompetanse ut over kva senteret kan gi, kan Nasjonalt senter for hørsel og psykisk helse (NSHP) i Oslo trekkjast inn.
Kommunikasjonsformer:
I tillegg til psykiatrisk kompetanse, har tilsette ved senteret kunnskap om hørselshemma og døve sitt språk, kultur og spesielle oppvekstvilkår. Ein søkjer også å utvikle teiknspråkleg kompetanse.
Målet er å i størst mulig grad kunne bruke kommunikasjonsforma som pasienten ønskjer:
- norsk teiknspråk
- teiknstøtta tale
- bruk av tolk
- tydeleg tale
- skriftleg kommunikasjon
- taktil kommunikasjon
Om senteret
Regionalt senter for hørsel og psykisk helse, Helse Vest vart etablert i oktober 2009, og er framleis under oppbygging. Senteret har enno ingen tilsette innan barne- og ungdomspsykiatri.
Senteret held til på Haukeland universitetssjukehus i midlertidige lokaler og skal flytte inn i nytt bygg som er ferdig i 2015.
Samtalerom og pasientbehandling går føre seg i Sentralblokka 2. etasje, medan kontor er i den såkalla Paviljongen i sjukehusparken like sør for Sentralblokka.
Publisert
31.01.2012 14:02 |
Endret
09.02.2012 08:20