Seksjon for generell gynekologi 

Seksjon for generell gynekologi gir behandling til kvinner med ulike gynekologiske sjukdommar.

Behandling og oppfølging blir tilrettelagt i samarbeid med den enkelte kvinne. Du vil møte eit dyktig fagpersonell som er oppteken av høg fagleg standard. Vi fokuserer på å gje deg individuell informasjon, oppfølging og behandling.

Ein stor del av pasientutgreiinga og behandlinga på Seksjon for generell gynekologi, skjer ved Gynekologisk poliklinikk og Operasjonsavsnittet.


Praktisk informasjon for deg som er pasient

 Problemstillingar

Dei mest vanlege problemstillingane pasientane våre har er:

• Ulike komplikasjonar dei første 24 vekene av svangerskapet. Til dømes svangerskapskvalme, spontan abort, truande abort, provosert abort og komplikasjonar i samband med assistert befruktning.
• Ulike komplikasjonar etter fødsel
• Utgreiing og behandling av blødningsforstyrringar
• Underlivsinfeksjonar
• Underlivssmerter
• Operasjon grunna urinlekkasje
• Operasjon grunna skjedeframfall og nedsunken livmor
• Utgreiing av behandling av svulstar i bekkenet

 

Her finn du oss:
Haukeland universitetssjukehus
Kvinneklinikken, 3. etasje.
Kart



Besøkstid:
Kvardagar: kl. 17.00 - 20.00
Laurdag, søndag og heilagdagar: kl.14.00 - 15.00 og kl. 17.00 - 20.00

Kontakt oss:
55 97 42 25
Har du spørsmål om innlegging,
kontakt Innleggelseskontoret: 55 97 42 46 mellom kl. 09.00 - 11.00




Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo