Her på Kvinneklinikken har vi vår eigen oppvakningsavdeling. Her kjem du direkte frå Operasjonsavsnittet etter eit inngrep. Hos oss blir du overvaka, observert og sett til, fram til du er vaken og klar til å bli overført vidare til den avdelinga du skal vere på.
Kor lenge du må vere på Oppvakingsavdelinga, kjem an på kva slags inngrep du har vore gjennom. Nokon blir liggande nokre timar, medan andre blir liggande hos oss til neste dag.