Gynekologisk poliklinikk 


Gynekologisk poliklinikk driv med utgreiing, behandling og kontrollar av kvinner med sjukdommar/plager i underlivet, samt problem knytt til reproduksjon og fertilitet.

Du må bli tilvist frå eigen lege for å få avtalt time hos oss. Når vi mottar tilvisinga, vil vi sende deg brev med dag og tid for vurdering på poliklinikken.

 Kva bør du ha med deg til timen på gynekologisk poliklinikk?

Vi ønskjer at du tek med deg all relevant informasjon om tilstanden din. Det kan til dømes vere skriv frå andre legar eller andre du har vore i kontakt med i forbindelse med tilstanden din, oversikt over medisinar du brukar, tidlegare behandling og ev. andre helseproblem som kan ha ein samanheng med dei problema du no har.

Som eit godt tips, kan det vere lurt å skrive ned kva du ønskjer å fortelje eller spørje legen eller sjukepleiaren om. Det kan ofte vere lett å gløyme ting du har tenkt på i forkant av avtalen. Ta difor gjerne med deg ein lapp der du har skriven det ned, når du kjem til poliklinikken.

 Problemstillingar

Dei mest vanlege problemstillingane pasientane våre har er:

• Abortar
• Blødningsforstyrringar
• Hormonelle forstyrringar (endokrinologi)
• Infeksjonar
• Infertilitet
• Kreft i underlivet
• Muskelknutar i livmora
• Prevensjonsproblem
• Spontane abortar
• Smerteproblematikk
• Ønske om sterilisering
• Urinlekkasje
• Uønska svangerskap

Her finn du oss:
Haukeland universitetssjukehus
Kvinneklinikken, U. etasje.
Kart




Opningstider:
kl. 08.00 - 15.30

Telefon:
55 97 42 36 mellom kl. 10.00–11.30 og 13.30–14-30.

 Linker

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo