Grunntanken i det nye senteret er at "eksperten skal kome til barnet", det vil seie at barna skal få både utgreiing, behandling, opphald, skulegang og aktivitetsstilbod på same stad.
Slik blir barne- og ungdomssenteret sjåande ut når det er ferdig. Klikk på biletet for å sjå fleire eller gå til Flickr.
Eit nytt barne-og ungdomssenter vil legge betre til rette for at Haukeland kan ivareta det regionale ansvaret, til dømes for dei yngste kreftpasientane. Det er eit mål at samlokaliseringa skal auke samarbeidet mellom psykiatri og somatikk.
Treningsarealene blir ein sentral del av barne- og ungdomssenteret
Barne- og ungdomssenteret skal innehalde eit "Barnas energisenter" eit senter der fokuset er fysisk aktivitet som grunnlag for behandling og forsking. 40 prosent av energisenteret vil bli finansiert gjennom gåver frå private.
Publisert
10.01.2013 11:16 |
Endret
10.01.2013 14:28