Hopp over navigasjonskoblinger.

Seksjon for alderspsykiatri 


Vi er ein del av Klinikk for psykosomatisk medisin og behandlar pasientar med psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år.

Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, eller mellom psykiatrisk sjukdom og biologiske, psykologiske eller sosiale aldringsfenomen.

Døme kan være alvorleg depresjon, invalidiserande angstliding og akutt forvirringstilstand, ofte med organiske årsaker.

Vi tar også imot pasientar med uavklart kognitiv svikt med psykiatriske tilleggssymptom, paranoide tilstandar og andre funksjonelle lidingar.

Sidan sjukdomsbildet til våre pasientar ofte er komplisert av somatiske tilstandar, ligg vi nær somatiske avdelingar på sjukehuset.

Kontakt oss
Telefon 55 97 45 85



Korleis arbeider vi?
Seksjon for alderspsykiatri består av ei open døgneining med 9 plassar, ei poliklinisk teneste og eit ambulant team.

Seksjon for alderspsykiatri, stove
Daglegstova ved Seksjon for alderspsykiatri

Vi held til i lyse og trivelige lokale i AMI-bygget, vis-a-vis Armauer Hansens hus. Bygget er ei eigen fløy knytt til Haukeland universitetssjukehus.

Arbeidet går i stor grad ut på utgreiing og diagnostisering, for å kunne gje den rette behandlinga.

Vi legg vekt på eit nært samarbeid med pasienten og pårørande. Eit godt samarbeid med primærhelsetenesta og andre instansar skal sikre ei forsvarleg tilbakeføring, eventuelt til anna omsorgsnivå.

Behandlingsopplegget blir lagt opp individuelt. Når pasienten vert lagt inn får han/ho tildelt eit helsefagleg team som skal følgje vedkomande under opphaldet. Vi ser på det som viktig å møte den einskilde pasient sine særskilde behov, og har som målsetting å halde ein høg fagleg standard.

Behandlinga består mellom anna av miljøterapi, individuelle samtalar, fysiske aktivitetar, ernæring og medikament. I tillegg kan ECT bli nytta ved tyngre depresjon.

Pasienten kan søkjast direkte til seksjonen med tilvisning frå fastlege/poliklinikk, eller kan bli innlagt via Psykiatrisk akuttmottak.




Finne vegen
I krysset Haukelandsveien/Ibsens gate, tar du av til Haukeland universitetssjukehus.

Ta straks til høgre i botnen av bakken. Følg skiltet til AMI-bygget, som ligg opp bakken og forbi Undervisningssenteret og Hormonlaboratoriet. AMI-bygget er grått og raudt utvendig.
AMI-bygget Haukeland universitetssjukehus
AMI-bygget. Seksjon for alderspsykiatri held til i første etasje her. Inngang til høgre i biletet.
Utsikt frå pasientrom ved seksjon for alderspsykiatri
Utsikt frå pasientrom ved seksjon for alderspsykiatri



Publisert 22.02.2010 10:54 | Endret  
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo