Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Klage

Du har rett til å klage om du meiner at du ikkje har fått oppfylt dine rettar som pasient, eller at du ikkje har mottatt dei helse- og omsorgstenestene du har krav på. Pårørande kan óg ha klagerett.

Dersom du meiner at pasientrettane dine ikkje er oppfylte, oppfordrar vi deg til å ta det opp med den aktuelle avdelinga eller eininga så fort som råd. ​Slik kan dei vurdere om noko må gjerast annleis. Formelle klager skal vere skriftlege. Det er trygt å sende klage med eDialog.​​

Hugs å skrive inn kva avdeling eller eining klaga gjeld.

​Statsforvaltaren

I dei tilfella der avdelinga har vurdert saka di på nytt og ikkje endrar avgjersle, skal avdelinga sende klagen vidare til Statsforvaltaren (tidlegare Fylkesmannen) utan unødig tidsbruk.

Les meir om retten til å klage på helsenorge.no​

Kontaktinformasjon

Statsforvaltaren i Vestland

Telefon: 57 64 30 00
E-post: sfvlpost@statsforvalteren.no
Besøksadresse: Statens hus, Kaigaten 9, 5015 Bergen
Postadresse: Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger

Pasient- og brukarombodet

Ombodet kan gi deg meir informasjon om pasientrettar og / eller hjelpe deg ved klage på helsetenesta eller søknad om erstatning frå Norsk pasientskadeerstatning (NPE). Det er gratis å få hjelp frå Pasient- og brukarombodet.

Kontaktinformasjon​

Pasient- og brukarombodet i Vestland

Telefon:55 21 80 90
E-post: vestland.bergen@pasientogbrukerombudet.no ​
Besøksadresse: Vaskerelven 39, 5014 Bergen
Postadresse: Postboks 212 Skøyen, 0213 Oslo

Sist oppdatert 01.02.2024