Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Retningslinjer for media på sjukehuset

Haukeland universitetssjukehus ønskjer å ha eit godt samarbeid med media når dei skal ha kontakt med pasientane våre. Vi har ein uttalt strategi og nedfelte retningslinjer som seier at tilsette ved sjukehuset skal leggje forholda til rette når pasientar vil møte media.

Førespurnader frå media om film og fotografering skal gå via Kommunikasjonsavdelinga. All fotografering, filming og tv-opptak på sengepostar, poliklinikkar, venteareal og liknande skal godkjennast av avdelingsleiar/klinikkdirektør.

Pasientar og pårørande som skal filmast eller fotograferast, skal gi sitt samtykke overfor sjukehuset.

Skjema: Fritak frå teieplikta (pdf)

I nokre tilfelle må også fotografar signere teieerklæring. For barn og pasientar som ikkje er i stand til å ivareta eigne interesser, må det hentast inn samtykke frå føresette/verje.

Fotografering og filming i fellesareal på sjukehuset og på sjukehuset sitt uteområde, skal også avtalast med Kommunikasjonsavdelinga.

Sjå også: Retningslinje for lyd-, foto og filmopptak ved Haukeland universitetssjukehus

Spørsmål eller problem knytt til kontakt med pasientar eller avdelingar?

Ring Kommunikasjonsavdelinga:

Telefon dagtid: 55 97 60 00
Heimevakt ettermiddag/helg: 958 90 445

Journalistar er velkomne til oss. Vi legg gjerne til rette for dykk. Men vis omsyn!

Lovgrunnlag for retningslinjene
Haukeland universitetssjukehus har råderett over alle lokale dei eig eller leiger og bestemmer under dette kva reglar som skal gjelde ved verksemda. Helsepersonell har teieplikt etter helsepersonellova § 21, og det følgjer av spesialisthelsetenestelova § 2-2 at sjukehuset skal legge til rette tenestene sine slik at personell som utfører tenestene blir i stand til å overhalde dei lovpålagte pliktene sine. Det følgjer av åndsverklova § 45c at fotografi som avbildar ein person ikkje kan bli gjengitt eller visast offentleg utan samtykke av den avbilda.

Sist oppdatert 20.12.2023