Vaksine og immunitet 

Hepatitt B vaksinasjon
Tilbod om Hepatitt B-vaksinering er eit ledd i det førebyggjande arbeidet mot blodsmitte i Helse Bergen HF. Vaksinen vert gitt til arbeidstakarar som kan vere utsett for eksponering av Hepatitt B. Etter vaksinering, vert den tilsette sin immunitet mot Hepatitt B sjekka.

MRSA  (Meticillinresistene gule stafylokokker)
Alle som skal begynne å jobbe i Helse Bergen (eller skal tilbake i jobben sin etter tenesteopphald i utlandet) må fylle ut skjema med opplysningar om ein har jobba eller vore innlagt i helseinstitusjonar i land med risiko for MRSA-smitte.
FOR 1996-07-05 nr 700: Forskrift om forhåndsundersøkelse av arbeidstakere innen helsevesenet – antibiotikaresistente bakterier.

Hepatitt B-vaksinering og MRSA-testing blir utført på HMS-senteret ved Haukeland universitetssjukehus, og er gratis for tilsette.

Nærmare opplysningar om kva slags yrkesgrupper og avdelingar som har tilbod om Hepatitt B-vaksinasjon, og om prosedyre og retningslinjer for MRSA-testing får du ved å kontakte HMS- senteret på telefon:  55 97 38 50.

Vaksinasjon mot sesonginfluensa
Folkehelseinstituttet anbefaler at helsepersonell som har kontakt med pasientar, vert vaksinert mot influensa. I tillegg bør nøkkelpersonell på sjukehuset vaksinere seg, slik at sjukehusdrifta blir oppretthaldt under ein eventuell influensaepidemi. Helse Bergen tilbyr gratis vaksinasjon mot sesonginfluensa til tilsette som fell inn under desse gruppene. Det er avdelingsleiar eller einingsleiar tek stilling til om dei tilsette på avdelinga skal få tilbod om vaksinering mot sesonginfluensa.

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo