Jobb 

Helse Bergen er ein arbeidsstad der du får gode muligheiter for både fagleg og personleg utvikling. Det er eit stort mangfald av yrker og jobbar som skal til for å oppfylle visjonen vår om å fremme helse og livskvalitet til befolkninga i vest.

Vil du bli ein av oss? Sjå våre ledige stillingar

 

Vi er rundt 11 000 menneske som arbeider her! Vi kjem frå alle verdsdelar og over 30 forskjellige nasjonar. Vi er alle ulike med forskjellige roller, men vi har eit felles mål om at vi skal vere best mulig på det vi gjer.

Eit sjukehus blir ikkje drive av enkelte yrkesgrupper aleine. For at vi skal vere til det beste for pasienten må over 100 yrkesgrupper jobbe saman i eit finstemt fellesskap.

Her er nokre av dei:

legar, sjukepleiarar, radiografar, hjelpepleiarar, bioingeniørar, medisinteknikarar, administrativt personell, statistikarar, kjemikarar, reinhaldarar, portørar, kommunikasjonsmedarbeidarar, økonomar, juristar, jordmødre, fysioterapeutar, ergoterapeutar, lærarar, logopedar, fysikarar, sosionomar, psykologar, gartnarar, snekkarar, rørleggarar, ingeniørar, heismontørar, konditorar, kokkar, ernæringsfysiologar, sekretærar, prester, laborantar, vektarar, ambulansepersonell, økonomar og IKT-folk.

Kvart år rekrutterer vi om lag 1000 nye medarbeidarar.

Vi har alltid behov for dyktige og motiverte fagfolk innan dei fleste helsefaglege område. Behovet vårt for arbeidskraft er ikkje berre innan helsefag, vi har også behov for teknisk-, økonomisk- og administrativ fagkompetanse.

Illustrasjonsfoto opperasjon

Søk jobb - Brukes til å vise koblinger på websiden som kan grupperes og tilordnes en stil, og som kan organiseres ved å dras og slippes  Søk jobb

Kontakt  Kontakt

Har du generelle spørsmål om jobbsøk, ta kontakt med oss på 55 97 66 00 eller e-post.

Les meir om - Brukes til å vise koblinger på websiden som kan grupperes og tilordnes en stil, og som kan organiseres ved å dras og slippes  Les meir om

Siste nytt om jobb - Webdel for å liste ut sider i portalen basert på kanal, innholdstype etc  Siste nytt om jobb

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo