Målgruppa for denne sida er primært fastlegar og anna personell i primærhelsetenesta som tar kontakt med spesialisthelsetenesta i forbindelse med akuttpsykiatrisk hjelp.
Øyeblikkeleg-hjelp (ØH) betyr at pasienten har behov for behandling same dag. Ved ØH har pasienten ikkje rett til fritt sjukehusval.
Ved andre tilvisingar skal de kontakte aktuell poliklinikk (BUP).
Slik tar du kontakt med oss:
1. Kvardagar mellom klokka 8 og 15:
Ring Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)
For barn under 13 år ring tlf. 55 97 45 00
For ungdom mellom 13 og 18 år ring tlf. 55 97 57 50
2. Etter kl 15 og i helgene og på høgtidsdagar
Ring Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)
Ring 05300 / 55 97 57 50
Klinikk PBU sitt ØH – opptaksområde
Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Fedje, Fjell, Fusa, Granvin, Kvam, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Os, Radøy, Samnanger, Sund, Ulvik, Vaksdal, Voss, Øygarden
Publisert
10.12.2010 09:49 |
Endret
08.05.2013 13:54