Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Personvernombodet i Helse Bergen HF

Helse Bergen HF har eit eige personvernombod. Personvernombodet informerar og gjev råd til helseføretaket og helseføretaket sine ansatte om kva for forpliktingar dei har etter personvernlovgivninga.

​​​​​I tillegg til å gje råd og informasjon, skal personvernombudet blant anna:

  • Kontrollere helseføretaket sin etterlevelse av personvernregelverket.
  • Gje råd om vurdering av personvernkonsekvensar.
  • Vere eit kontaktpunkt for Datatilsynet i helseføretaket, og samarbeide med dei i saker som råker helseføretaket.
  • Prioritere oppfølging av aktiviteter i helseføretaket kor personvernrisikoen er høgast.
  • Bidra til å sikre at helseføretaket alltid har oversikt over korleis verksemda behandlar personopplysingar.

Organisering og ansvar

Personvernombodet i Helse Bergen HF er ein stabsfunksjon, organisatorisk tilknytta Forsknings- og utviklingsavdelinga.

Personvernombodet opptrer som ein uavhengig rådgjevar, og kan ikkje instruerast av leiinga eller andre mht. utføringa av sine oppgåver.

Det er alltid helseføretaket som er ansvarleg for å sikre at personopplysingar som føretaket har ansvaret for, blir behandla innanfor rammene av gjeldande lovar og reglar.

Kontaktinformasjon

For forespurnad som gjeld innsyn, retting, sletting og sperring av journal viser vi til eigne nettsider om dette.

Ikkje send sensitive eller fortrulige opplysingar per e-post.

E-post: personvernombudet@helse-bergen.no

​Christer Kleppe, personvernombud i Helse Bergen HF 

Tlf:  55 97 55 58

Tilsette i helsesektoren føresetjast å skulle bruke e-postadresse frå arbeidsgjevar i kontakt med personvernombudet; ikkje privat e-post.

Postadresse

Helse Bergen
Haukeland universitetssjukehus
Seksjon for forsking og innovasjon
v/Personvernombudet
Postboks 1400
5021 Bergen

Sist oppdatert 18.01.2022