Frå portør til direktør
Personal-og organisasjonsdirektør Trond Søreide kan ikkje garantere at alle sommarjobbar ved Haukeland universitetssjukehus endar i ein direktørstol, men sjølv starta han sjukehuskarrieren som portør.
– Eg fekk prøve meg på mykje forskjellig, og lærte verkeleg sjukehuset å kjenne, seier Søreide.
Til saman var han sommarvikar i fem år, innan dei fleste område av portøryrket. Og det var ikkje berre spennande der og då, men har også vore nyttig i jobben han har no.
– Eg lærte mykje om korleis ting fungerer i organisasjonen, og kor ting er på sjukehuset. Ikkje minst gav det eit unikt innblikk i arbeidskvardagen på dei ulike avdelingane på Haukeland.
Søreide trur ikkje han er åleine om å oppdage at ein sommarjobb på Haukeland gir meirsmak.
– På Haukeland får du verkeleg teste korleis arbeidslivet er i ein stor organisasjon. Og for dei som er under utdanning er dette ein unik sjanse til å prøve ut kompetansen sin. Vi har eit stort mangfald og vidt spenn, med veldig mange moglegheiter. Samtidig har vi mange spennande vikariat der ein ikkje treng spesiell kompetanse eller utdanning. Her er noko for ein kvar smak, understrekar personal- og organisasjonsdirektøren.
Han påpeikar òg at sams for alle stillingar, uansett krav til faglege kvalifikasjonar, er at sjukehuset jaktar på flinke, positive og engasjerte sommarvikarar.