Til tross for at brannskadde har redusert helse, opplever desse pasientane å ha god livskvalitet.
Av Hilde Sander Melling
– Pasientane som gruppe gjev tilbakemeldingom ei tilfredsheit med livet som er god og lik den ein finn i den generelle befolkninga, fortel lektor i vidareutdanning for intensivsjukepleiarar, Asgjerd Moi. Ho har i si doktorgrad, sett på opplevinga av livskvalitet hos pasientar som har vore behandla for brannskadar
UIB november 2008
Belastning
Kvart år vert om lag 600 pasientar innlagt ved norske sjukehus på grunn av brannskadar. Rundt 10 prosent av dei kjem til Haukeland Universitetssjukehus. – Utvalet har vore blant desse pasientane. Studien som omfattar ei spørjeundersøking og ein intervjustudie, viser at overlevande sjølv fleire år etter større brannskadar kan oppleve store belastningar. Desse kan relaterast til fysiske og psykososiale problem. Redusert helse kan være hinder for både det å greie kvardagen og for å kome i arbeid att. Mange opplever den brannskadde kroppen som både krevjande, framand og sårbar, fortel Moi.
Godt liv
– Å gå vidare i livet etter ein slik skade, inneber på ulike måtar å prøve å akseptere det som ikkje kan forandrast. Samstundes er det ein stadig kamp for å endre det som kan endrast. Studien viser at helsevesenet og samfunnet kan bidra meir til at livet etterpå blir lettare for pasientane, seier Moi. Målet for eit godt liv er å gjenvinne ei oppleving av personleg fridom. Personlege mål, sjølvstende, gode relasjonar med andre og auka fokus på det som er viktig i livet, er alle faktorar som bidreg til å auke livskvaliteten. – Hos mange pasientar gjekk derfor positive kjensler av vekst hand i hand med sorg og liding, noko som kan vere med å forklare kvifor brannskadepasientane hadde like stor tilfredsheit med livet som andre, trass i at dei hadde problem med helsa, seier Asgjerd Moi.
Publisert
15.12.2011 10:16 |
Endret
15.12.2011 10:18