Seks gull....  

… eitt sølv og ein bronse tok HSI med seg tilbake til Bergen etter Nordiske Hospitalleker på Lillehammer nylig. – No er det berre å lade opp til NM på heimebane til neste år, seier Rune Haagensen, leiar av HSI.
Av Camilla Crone Leinebø, Haukeland universitetssjukehus
 


HSI tok gull i fotball for herrar, sølv og gull i golf og fire gull i terrengløp.

– Fotballgutane våre tok som vanleg gull, ler Haagensen og legg til at i tradisjon tru samla alle HSI ’arar seg på scenen og song Nystemt’n for ein fullsatt bankettsal.

– Elles var det formidabel innsats av både medaljevinnarane og alle dei andre frå oss som var med i innebandy, volleyball og bowling.

Flott arrangement
HSI-leiaren skryt av arrangørane og meiner både det sportslege og sosiale var lagt opp på ein svært god måte.

– I tillegg var det ekstra hyggeleg at mange av HSI-medlemmane tok turen over fjellet saman i bil, noko som gjorde heile turen til ein supersosial oppleving. Også er det jo sjeldan problem med været på Østlandet. Vi hadde perfekte rammer for idrett så vel som grilling i lag på kveldstid, seier Haagensen.

NM i Bergen i 2013
Til neste år er det HSI som er arrangør av NM på heimebane i Bergen.

– På banketten fekk arrangør Lillehammer sykehus idrettslag ei større pengesum frå eiga sjukehus som støtte til vidare arbeid med idrettslaget for alle tilsette. Eit godt døme til etterfølging, påpeikar han.

– Så no er det berre å setje i gong med førebuingane og starte oppkøyringa til det som skal bli det beste NM for sjukehusidrettslag i historia, seier HSI-eldsjela og fordrar fleire til å melde seg inn i idrettslaget for å ikkje gå glipp av neste års store happening.





Publisert 02.07.2012 10:55 | Endret 04.07.2012 11:23 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo