Reiseoppgjer for pasientreiser 

12. november 2009 tek Haukeland over dei siste oppgåvene som NAV i dag utfører når det gjeld pasientreiser. Omlegginga betyr nokre praktiske endringar for deg som pasient, men rettane dine er uendra.
 

Den viktigaste endringa er at du ikkje lenger kan oppsøkje NAV for å få refundert utlegg i forbindelse med ei pasientreise, men må sjølv fylle ut eit reiserekningsskjema og sende det til Pasientreiser i ein ferdigadressert konvolutt.

Søknad om refusjon av reiseutgifter. Slik gjer du:

1. Treng du reiserettleiing eller informasjon om rettane dine? Ring 05515.

2. Når du er hos behandlaren, få med deg reiserekningsskjema og konvolutt. Hugs å få med stadfesting på oppmøte frå behandlaren. Det kan for eksempel vere stempla timekort.

3. Fyll ut reiserekninga, legg ved originalkvitteringar og stadfesting av oppmøte.

4. Dette legg du i den ferdigadresserte konvolutten, som du sender Helseforetakenes senter for pasientreiser.

5. Dersom alt er i orden, kjem pengane inn på bankkontoen din.

For deg som reiser til Haukeland skjer endringa:

12. november for deg som bur i Bergen
19.  november for deg som bur i Ulvik, Granvik, Voss, Kvam, Fusa, Samnanger, Os, Austevoll, Sund, Fjell, Askøy, Vaksdal, Modalen, Osterøy, Meland, Øygarden, Radøy, Lindås, Austrheim, Fedje og Masfjorden.

Frå desse datoane skal du ikkje lenger oppsøkje NAV for å få tilbakebetalt reiseutgifter, men må fremje krav til Avdeling for pasientreiser. Dette gjer du ved å sende inn eit skjema saman med originalkviteringar og stadfesting av at du har vore til behandling.

Skjemaet er tilgjengeleg hos alle behandlarar, fastlegar og på www.pasientreiser.no. Dersom alt er i orden vil du få utbetalt det beløpet du har krav på.

Pasientreiser 05515 og www.pasientreiser.no
Ved behov for informasjon eller hjelp kan du ringje Pasientreiser 05515. Telefonnummeret er felles for heile landet. Pasientane skal også ringje 05515 for å bestille ei pasientreise med rekvisisjon, få rekvisisjon til anna transport når det ikkje finst rutegåande tilbod, eller hjelp til reiserekninga.

Du kan og sjå vår rettleiing til utfylling av reiserekninga på www.pasientreiser.no.

Praktiske endringar – uendra rettar
Sjølv om det er nokre praktiske endringar, er rettane til pasientane uendra. Hovudregelen er at ein får dekka billigaste reisemåte med rutegåande transport til og frå behandling som er dekt av det offentlege.


Publisert 27.10.2009 13:45 | Endret 09.06.2010 10:36 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo