Ny likemannsteneste for kreftpasientar 

– Ingen som ikkje sjølv har fått den grufulle beskjeden ”du har alvorleg kreftsjukdom” kan forstå, seier Henrik Aasved.
Av Camilla Crone Leinebø, Haukeland universitetssjukehus
 

 
Henrik Aasved vil bruke tid på å hjelpe andre som er ramma av kreftsjukdom


I går starta likemannstenesta for pasientar med kreftsjukdom og deira pårørande på Haukeland universitetssjukehus.

Aasved blei pasient på Haukeland etter at han fekk vite at han hadde lungekreft i 2007.

– Eg sakna eit likemannstilbod då eg var pasient. Sidan har eg engasjert meg i Lungekreftforeningen, mellom anna som likemann fordi eg ønskjer å hjelpe andre som er ramma av kreft. Det er ein vanskeleg tid og eg veit at det er eit stort behov for oss både blant pasientar og pårørande, seier han.

Endeleg!
Seksjonsleiar på Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Siv M. Årdal, stadfestar dette.

– Vi får mange tilbakemeldingar frå pasientane våre om at dei ønskjer å snakke med andre som har vore gjennom det same. No har vi endeleg fått eit likemannstilbod til denne pasientgruppa og vi ser på tilbodet som ein del av den heilskapelege kreftomsorga på sjukehuset, seier ho.

Låg terskel
Aasved veit kor godt det kan vere å få snakke med nokon som veit kva det vil seie å vere alvorleg kreftsjuk, men likevel leve eit godt liv tross sjukdom og behandling.

– Dette er eit tilbod til dei sjuke som sjukehuset ikkje kan dekkje. Det er her vi i pasientorganisasjonane kjem inn. I samarbeid med Kreftforeningen og Haukeland har vi fått på plass eit opplegg som vi håper mange vil nytte seg av, påpeikar han.

– Om du berre lurer på noko eller treng nokon som lyttar til deg – det finst ikkje ein for liten grunn til å oppsøkje oss. Vi gjør alt vi kan for å møte deg ut frå dine behov sjølv om vi har våre eigne erfaringar. Det viktigaste er at det skal vere låg terskel for å ta kontakt.


Publisert 13.06.2012 09:30 | Endret 13.06.2012 09:51 

 KONTAKT

Du møter likemannstenesta kvar tysdag i Atriet i Parkbygget på Haukeland universitetssjukehus frå kl. 12.00 – 14.00.

Dei er også til stade på Haukeland hotell kvar onsdag frå kl. 17.30 – 19.30.

Om du ønskjer å få besøk av ein likemann på rommet, vil vi prøve å leggje til rette for det. Vi kan óg ordne besøk til andre tider.

Send e-post: likemann-bergen@vardesenteret.no
Ring: 406 01 205

 Fakta

  • Ein likemann er ein som anten har hatt kreft sjølv eller har vore pårørande til ein med kreftsjukdom. Likemenn nyttar sine erfaringar for å hjelpe andre som er i liknande situasjon.

  • Som likemann har du fått grundig opplæring før du går inn i tenesta, og alt som blir sagt mellom pasientar og/eller pårørande og likemannen er taushetsbelagt ved lov. Det som blir snakka om blir mellom de.

  • Likemenn er ikkje helsepersonell, men blir gjort på frivillig grunnlag.

  • Likemannstenesta er utvikla i samarbeid mellom tolv ulike pasientforeiningar, Kreftforeningen og Haukeland universitetssjukehus. Her finn du ei samla oversikt over pasientforeiningane

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo