Lab-info: Narkotiske stoff i urin 

Korrekt merking av prøverør og tilhørande rekvisisjon vil sikre at analyseresultat kjem til rett rekvirent og rett pasient. 
Prøverør skal merkast med pasienten sitt namn, fødselsnummer, dato for prøvetaking og klokkeslett. Dersom rekvirenten nyttar strekkoderekvisisjonar, må strekkodeetiketten brukast på prøverøret.
 

Rekvisisjonen må merkast med alle opplysningar om både pasient og rekvirent. Skriv på rekvirenten sitt fornamn og etternamn og namnet til legekontoret.

Dersom det skal sendast kopi til ein annan rekvirent, må både fornamn, etternamn og adresse til mottakar noterast på rekvisisjonen.

Manglar det opplysningar om rekvirent, pasient eller dato for prøvetaking på rekvisisjonen blir urinprøven ikkje analysert.

Ved mottak av to eller fleire prøvar på same person, tatt på same dag, må klokkeslett vere oppgitt for at prøvane skal bli analyserte.


Sverre Sandberg, avdelingssjef, Lab. for klinisk biokjemi 
Bettina Riedel, konst. seksjonsoverlege, klinisk farmakologi, Lab. for klinisk biokjemi
      


Publisert 28.02.2011 14:55 | Endret 09.03.2011 11:15 

 Publisert av eining

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo