Forklaringa til ADHD kan ligga hos mor  

Mødre med nedsett produksjon av hormonet serotonin har større sjanse for å føda barn som utviklar ADHD.
Av Silje Midttun
 

Dette viser funn i ein fersk studie frå ei tverrfagleg forskargruppe ved Senter for medisinsk genetikk og molekylærmedisin ved Haukeland Universitetssjukehus og Institutt for biomedisin ved Universitetet i Bergen. Studien vart mandag publisert i Archives of General Psychiatry, eit av dei mest prestisjetunge tidsskrifta innanfor psykiatri.



Illustrasjonsfoto: Colourbox.

- Me har sett at mutasjonar på to gen hos mor fører til ein enzymdeffekt som igjen minskar evna til å produsere seretonin, forklarer Stefan Johansson, forsker ved Senter for medisinsk genetikk og molekylærmedisin ved Haukeland universitetssjukehus.

Påverkar utviklinga av hjernen
Barn av mødre med slike mutasjonar har auka risiko for å utvikla ADHD seinare i livet. Det er første gong forskarar finn ein slik indirekte samanheng mellom gener og ADHD.
- Hormonet seretonin er ein viktig nevrotransmitter og eit signalstoff som påverkar mange funksjonar i kroppen, blant anna appetitt og søvnregulering, men også utviklinga av nervesystemet og hjernen hjå fosteret, forklarar professor Per M. Knappskog ved Senter for medisinsk genetikk og molekylærmedisin.

Sett på gena til 459 med ADHD
Forskargruppa i Bergen har sett på gena til 459 vaksne pasientar med ADHD og 97 av deira familiemedlemmer. Ei kontrollgruppe på 187 personar utan ADHD er også studert. I tillegg har forskarane samla inn informasjon om psykiatriske diagnosar og symptom i dei tre gruppene. Forskarane fann åtte ulike genmutasjonar som var signifikant knytta til enzymdeffekt som skada seretoninproduksjonen.

Familieanalysar viste at barn av mødre med ein slik mutasjon hadde mellom 1,5 til 2,5 gonger høgare risiko for å utvikla ADHD enn kontrollgruppa eller barn av fedre med same mutasjon.

Fleire faktorar spelar inn
- Mutasjonar hjå mor er éin risikofaktor. For dei som utviklar ADHD spelar fleire faktorar inn, fortel Knappskog.
Tidlegare ADHD-studiar har i stor grad leita etter genetiske variantar som er overrepresenterte blant personar med ADHD. I dei tilfella der ein har funne slike variantar, har ein ofte ikkje klart å finna ut korleis det heng saman med ADHD. Den ferske studien frå Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen har funne sjeldne genfeil som rammar 1-2 prosent av befolkningen, men som ser ut til å ha stor effekt på fosteret. 

Førebygging på lengre sikt
Funna i studien vil førebels ikkje kunna føra til førebygging av ADHD.
- På dette tidspunktet er det for tidleg å snakka om førebygging. No handlar det først og fremst om å auka kunnskapen og forståinga for utviklinga av ADHD. Men stadig betre kunnskap opnar moglegheitane for førebygging på lengre sikt, seier professor Per M. Knappskog.


Publisert 06.10.2010 16:35 | Endret 07.10.2010 10:06 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo