I ein studie utført ved Statens Serum Institut i København har overlege ved Senter for Medisinsk genetikk og Molekylærmedisin, Nina Øyen, vist at hjertefeil hopar seg opp i familiar. Jo meir alvorleg hjertefeil, desto større er sjansen for at fleire i familien får hjertefeil.
Om eit barn blir født med hjertet på feil side er risikoen heile åtti gangar større for at eit framtidig søsken har same feil, samanlikna med eit barn frå familiar utan desse komplikasjonane.
- Dette betyr sannsynligvis at nedarva genfeil har mykje meir å si for utvikling av hjertefeil enn tidligare antatt, seier Øyen, som også er Professor ved Institutt for samfunnsmedisinske fag, UiB.
Les heile artikkelen på På Høyden
Publisert
05.05.2010 09:35 |
Endret
22.06.2010 09:37