Frå 14. mai 2012 vil Laboratorium for klinisk biokjemi, LKB, analysere anti-faktor Xa aktivitet med ny metode. Måleområdet for den nye metoden går opp til 2,0 IU/mL og vil derfor kunne nyttast til dosejustering når ein administrerar lavmolekylært heparin (LMWH) ein gong dagleg.
Når ein behandlar med LMWH skal anti-faktor Xa aktivitet ikkje kontrollerast rutinemessig, spesielt ikkje profylaktiske dosar. Analyse av anti-faktor Xa aktivitet kan vere aktuelt ved terapeutiske dosar.
Analysering av anti-faktor Xa aktivitet kan vere aktuelt ved:
- blødning eller trombose under pågåande antikoagulasjonsbehandling med LMWH
- behandling med LMWH hos pasientar med spesielt stor risiko for under- eller overdosering:
o nedsett nyrefunksjon (eGFR < 30 mL/min/1.73m2)
o betydelig overvekt
o gravide
o barn
I stabile situasjonar er det berre nødvendig med analysering i oppstartsfasen for å bestemme optimal dosering, deretter berre ved endring i tilstand.
I ikkje-stabile situasjonar bør anti-faktor Xa aktivitet analyserast med få dagars mellomrom i oppstartsfasen, deretter kvar 2. - 4. veke avhengig av tilstand.
Terapeutiske område for LMWH behandling:
- Terapeutisk behandling (dosering x1): 1,0-1,5 IU/ml
- Terapeutisk behandling (dosering x2): 0,5-1,0 IU/ml
Tidspunkt for prøvetaking:
- Prøva må takast cirka 4 t etter subctan injeksjon etter minst 3 dosar totalt (oppnådd likevekt)
Prøvemateriale: 1 rør citratblod (lys blå kork).
Anne Grete Thue
Konstituert avdelingssjef
Ann - Helen Kristoffersen
Overlege
Publisert
07.05.2012 13:55 |
Endret
04.04.2013 09:41