Frå ultimo mars 2012 innførde Mikrobiologisk avdeling endringar i rutinane vedrørande QuantiFERON® -TB Gold.
På grunn av stor analytisk variasjon i resultata frå denne analysen, har vi tatt i bruk kategorien GRÅSONE i området rundt cut-off. I tillegg er det, med bakgrunn i litteraturen, sett opp eit område der resultatet blir karakterisert som LAV POSITIV.
Dei nye svaralternativa er:
NEGATIV < 0,24 IU/mL
GRÅSONE ≥ 0,24 og ≤ 0,46 IU/mL
LAV POSITIV > 0,46 og < 0,70 IU/mL
POSITIV > 0,70 IU/mL
Tolking av resultata
Resultata frå testing med QuantiFERON® -TB Gold må tolkast i samanheng med epidemiologi, medisinsk tilstand og andre diagnostiske vurderingar til kvart enkelt individ.
QuantiFERON® -TB Gold er ein kvalitativ test og talverdien frå analysen, kan ikkje tilleggjast tyding utover klassifisering innanfor kategoriar nemnt nedanfor. På grunn av dette vil svara ikkje lenger bli gitt ut med talverdi.
NEGATIV:
Infeksjon med Mycobacterium tuberculosis er ikkje sannsynleg.
GRÅSONE:
Med gråsone meines et resultat som verken er negativt eller positivt. Det kan da vere aktuelt å ta ny prøve for endeleg avklaring. Alternativt må diagnostikken baserast på annan informasjon.
LAV POSITIV:
Her er tolkinga av resultatet usikker og diagnostikk bør baserast på annan informasjon.
POSITIV:
Infeksjon med M. tuberculosis er sannsynleg. Testen skil ikkje mellom aktiv og latent tuberkulose. Positivt resultat kan og sjåas ved andre infeksjonar og sjukdomar.
UBESTEMMELEG / INKONKLUSIV:
I nokre tilfelle blir resultatet av testen ubestemmeleg (inkonklusivt). Slike resultat kan være forårsaka av tekniske høve rundt prøvetaking og prøvebehandling, eller høve hos pasienten som til dømes immunsvikt eller annan pågåande infeksjon.
Indikasjonar for prøvetaking
QuantiFERON® -TB Gold er eit supplement til Mantoux-test og skal hovudsaklig nyttast til utgreiing av latent tuberkulose. Testen kan også nyttast i høve der ein ønskjer å utelukke falskt positive eller falskt negative resultat av Mantoux-test. QuantiFERON® -TB Gold skil ikkje mellom aktiv og latent tuberkulose og skal ikkje erstatte bakteriologisk prøvetaking ved mistanke om aktiv sjukdom. Testen er ikkje eigna til å følgje utvikling av sjukdom eller effekt av behandling.
Alternativ test:
Ved prøvetaking av pasientar med betydeleg svekka immunforsvar og hos heilt små barn med umodent immunsystem, vil ein av og til få eit ubestemmeleg resultat av QuantiFERON® -TB Gold. I slike høve kan alternativ test (T-SPOT.TB®) ved Folkehelseinstituttet vere aktuelt for avklaring.
T-SPOT.TB® kan av og til vera aktuell også etter negativt quantiferon-resultat. Det må i så fall føreliggja mistanke om tuberkulosesmitte trass i negativ quantiferon-test. Dette vil først og fremst vera aktuelt hos pasientar med betydeleg svekka immunitet på grunn av alder, grunnsjukdom eller immunsupprimerande behandling. Rekvirentane kan få utfyllande informasjon frå Mikrobiologsk avdeling om rutinar vedrørande taking og sending av prøve til analyse med T-SPOT.TB®.
Dag Harald Skutlaberg
Seksjonsoverlege
Bakteriologisk seksjon
Elling Ulvestad
Avdelingssjef
Mikrobiologisk avdeling
Publisert
07.05.2012 21:45 |
Endret
16.05.2012 13:52