Jubileumsveke for sprek 100-åring 

Denne veka er det 100 år sidan Gades institutt opna dørene på Haukeland i 1912. I dag måndag 12. mars blei jubileumsveka opna med musikk, taler og kake.
Av Anne Christine Olsen , Haukeland universitetssjukehus
 

For vel 300 tilsette på instituttet (frå Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen) og spesielt inviterte gjestar var det i dag markering av at Gades institutt har eksistert i 100 år. Blant gjestane var mellom anna oldebarna til Fredrik Georg Gade som donerte pengane til Dr F. G. Gades Patologiske Institut.

Mangfaldig
- Gjennom jubileet er vi opptekne av å vise at Gades institutt ikkje berre driv med rettsmedisin og obduksjonar slik folk flest trur. Vi jobbar også mykje med mikrobiologi og immunologi i tillegg til patologi, seier Elling Ulvestad som er avdelingsleiar for mikrobiologisk avdeling.

Skolebesøk
Forrige veke fekk instituttet besøk av elevar fra Bergen Katedralskole og Danielsen Vidaregåande skole, og i helga fekk barn på Vilvite-senteret høyre om det instituttet forskar mykje på: Virologi, immunologi, bakteriologi, patologi og blod.

Bokverk
I høve jubileet har historikar Morten Hammerborg skrive bok om Gades tidlige historie som blir gitt ut no. Instituttet har og fått på plass ei ny nettside, der du blant anna finn mykje historie, forsking og utdanning.

Formidlar
- Vi nyttar høvet til å sjå kva historia kan lære oss. Kva vi står for, og kva vi skal vere framover. Dette er ein fin måte å få formidla kva Gades institutt held på med, seier instituttleiar Anne Christine Johannessen ved Gades institutt.

 

Blant gjestane var Fredrik Georg Gade sine oldebarn; Morten Gade og Nina Gade Christensen, her saman med pensjonert professor og overlege Ole Didrik Lærum.


 
Musikken ordna studentane i Medicinsk blæse- og spadserensemble.

 


Publisert 12.03.2012 14:10 | Endret 12.03.2012 14:37 
Jubileumssider
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo