Fiskerstrand (bildet) har alt vore medlem av nemnda i eitt år, men vart spurd av Helse- og omsorgsdepartementet om å sitje ein ny periode på fire år.
I løpet av det året Torunn Fiskerstrand har vore medlem i nemnda, har ho blant anna vore med å diskutere om det er greitt med genmodifisert mais, om barn kan bli testa for diabetesrisiko-gen (det omtalte Midia-prosjektet som vil sjekke miljøårsaker til type 1-diabetes) og om lesbiske par skal få tilgang til assistert befruktning etter den nye ekteskapslova.
– Eg syns det er viktig å sitje i nemnda fordi eg får anledning til å bli høyrt i viktige saker, fortel Torunn Fiskerstrand.
Rådgivande
Bioteknologinemnda er eit rådgivande organ for forvaltninga, heimla i genteknologilova og bioteknologilova. Ansvaret for nemnda er lagt til Helse- og omsorgsdepartementet.
Medlemane i nemnda skal reflektere stor breidde med omsyn til livssyn, kulturbakgrunn, interesser og haldningar til bio- og genteknologiske spørsmål.
– Nemnda har møte ti gongar i løpet av året og me tar opp mellom sju og ti saker på kvart møte, fortel Fiskerstrand, som er ein av 21 medlemar i Bioteknologinemnda.
Alle kan melde inn saker
Kven som helst kan kome med innspel om saker som bør opp til debatt i Bioteknologinemnda. Mange av sakene kjem frå Helsedirektoratet, ein del vert meld inn frå Helsedepartementet, mens andre kjem frå privatpersonar eller i kraft av deira yrkesrolle. Det hender også at medlemane sjølv ser nytten av å diskutere saker knytt til bio- eller genteknologi som har allmenn interesse eller tyding.
– Sjølv har eg tatt initiativ til at nemnda skulle diskutere om alle kvinner som får bryst- eller eggstokkreft bør få tilbod om gentest for hyppige mutasjonar som gir høg risiko for denne typen kreft. Den saka er no til behandling i Helsedirektoratet, og det kjem nye retningslinjer for dette i løpet av hausten, opplyser Fiskerstrand.
Fakta/Bioteknologinemnda
er eit frittståande, rådgivande organ som er oppnemnt av Regjering og heimla i lov om framstilling og bruk av genmodifiserte organismar (Genteknologilova) og i lov om humanmedisinsk bruk av bioteknologi m.m. (Bioteknologiloven).
er ein høringsinstans for norske myndigheiter i samband med saker som vedrører moderne bioteknologi.
skal bidra med informasjon til publikum og forvaltninga, og fremme debatt omkring dei etiske og samfunnsmessige konsekvensane ved bruk av moderne bioteknologi.
er oppnemnt av regjeringa, første gang i 1991, så i 1998, 2000 og sist i august 2004. Den noverande Bioteknologinemnda er oppnemnt for ein fireårsperiode. Bioteknologinemnda har 21 medlemmer og observatørar frå seks departement.
arrangerer kvart år minst fire opne møter om aktuelle tema innan moderne bioteknologi. Etter kvart opne møte utgjer Bioteknologinemnda ein rapport med ei attgiving av foredraga frå møtet. Bioteknologinemnda gir også ut debatthefte, temaark og tidsskriftet GENialt, som kjem ut fire gonger i året. Tidsskriftet har et opplag på 9000 eksemplar per utgåve. Alle Bioteknologinemnda sine publikasjonar er gratis.
Publisert
10.07.2008 09:25 |
Endret
29.09.2010 09:28