– Målet med Verdas helseorganisasjon sin internasjonale kampanje er å redusere infeksjonar og betre pasientsikkerheita ved blant anna å fokusere på betre handhygiene blant helsepersonell. Handhygiene er det mest effektive enkelttiltaket vi kan setje i verk for å unngå smittespreiing i sjukehus, forklarar spesialsjukepleiar June Aksnes ved Senter for pasientsikkerheit.
– I år er hovudbodskapen at ringar, klokker og armband skal av når ein arbeidar med pasientar, seier Aksnes.
Engasjerte ambassadørar
Handhygiene har mange engasjerte ambassadørar. Aksnes rettar ein stor takk til alle som har delteke.
– Vi hadde ikkje fått dette til utan hjelp i frå fleire sentrale personar. Mary Øvrebotten og teamet hennar ved Hospitaldrift reinhald organiserte utdelinga ved Psykiatrisk klinikk, medan avdelingssjukepleiar Marit Tandberg ved Kysthospitalet i Hagevik sytte for utdeling der. På Voss sjukehus tok hygienesjukepleiar Unni Fosse regien, skryt Aksnes.
Spesialsjukepleiaren er ikkje i tvil om kva ho ønskjer å oppmode gode sjukehuskollegaer til:
– Nokre avdelingar har ein god handhygienekultur, medan andre har eit stykke veg å gå. Ver ein god rollemodell og få til ein kulturendring i dag!
Pasientar viktige bidragsytarar
Det er likevel ikkje berre dei som jobbar på sjukehuset som må fokusere på handhygiene. Også pasientar og pårørande er viktige bidragsytarar.
– Vi har også delt ut desinfeksjonsserviettar til sengeliggjande pasientar. Det er nemleg viktig at alle pasientar får høve til å reingjere hendene sin når dei sjølv kjenner for det. Særleg gjeld dette dei som av diverse grunnar ikkje kjem seg til vasken. Tilbakemeldingane frå pasientane var udelt positiv. Dei tykte dette var ei hyggjeleg overrasking og mange nytta serviettane med ein gong, seier Aksnes.
Publisert
08.05.2012 11:50 |
Endret
08.05.2012 12:44