Ho er tilsett som spesialfysioterapeut ved Fysioterapiavdelinga og arbeider ved Nevrologisk avdeling. I perioden 2007-2011 har ho vore stipendiat ved Institutt for samfunnsmedisinske fag, Forskingsgruppe fysioterapi.
Etter skade eller nevrologisk sjukdom kan det vera vanskeleg å bera si eiga kroppsvekt og halde balansen når ein går. Eit alternativ til vanleg gangtrening er å trene på tredemølle med vektavlastning. Mona Kristin Aaslund har undersøkt korleis gange vert påverka under slik trening, både hos friske og hos personar med hjerneslag. Ho har også sett på kor lenge ein må gå på tredemølla før gangmønsteret stabiliserer seg.
Mona Aaslund frå disputasen ved Universitetet i Bergen
Det vart funne tendens til at gangmønsteret for pasientar etter slag var litt betre ved gange på tredemølla samanlikna med vanleg gange. For eksempel tok pasienten litt lengre steg og halta litt mindre når han gjekk på tredemølla. Det vart også funne at pasientane gjekk best på tredemølla når dei gjekk fort.
Om dette gangmønsteret kan overførast til vanlege treningssituasjonar er eit tema som ein bør sjå nærare på.
Frå venstre: Opponent Elin de Bruin, opponent Jørgen Feldbæk Nielsen, rettleiar Rolf Moe-Nilssen, Mona Kristin Aaslund, rettleiar Jorunn Helbostad, disputasleiar Arne Skarstein og leiar av komiteen Marit Grønning.
Publisert
15.05.2012 14:50 |
Endret
16.05.2012 09:05