Det er hovudmomenta i den reviderte
arealplanen som
styret i Helse Bergen vedtok fredag.
Styreleiar Ranveig Frøiland er godt fornøyd med både innhaldet og prosessen som ligg til grunn for innhaldet.
-Dette er ein god plan som gjer oss sterkare rusta til å møte dei utfordringane som ligg framfor oss. Det har vore ei brei involvering frå store deler av fagmiljøa, og dette er heilt nødvendig for å få ei sterk forankring, seier Frøiland.
Forankring og gjennomføringskraft vil vere nøkkelord for å få realisert den ambisiøse utbyggingsplanen som strekker seg fram til 2025. Det er lagt opp til om lag 800 millionar kronar i investeringar kvart år, 600 av desse til bygg.
-Planen har eit realistisk investeringsbudsjett, men det krev ei stram styring av aktivitet og økonomi i føretaket. Underskot i driftsbudsjettet det eine året, vil føre til reduksjon i investeringsbudsjettet det følgjande året, seier Frøiland.
Bakgrunnen for den reviderte arealplanen, var ein intern diskusjon hausten 2011 knytt til tre problemstillingar:
a. Er det mogeleg å finne ei løysing for å få realisert eit mor-barn senter i Helse Bergen?
b. Korleis kan vi skape eit kapasitetsmessig grunnlag for å starte prosessen med å oppgradere sengepostane i Sentralblokka?
c. Kan vi finne eit betre alternativ for Barneklinikken i byggefasen av BUSP 2?
Forslaga for å løyse desse utfordringane ville påverke prioriteringane og tiltaka i den vedtekne arealplanen. Styret vedtok derfor å gå gjennom arealplanen på nytt, i lys av dei nye utfordringane.
Dei næraste åra er mykje av investeringsmidlane bundne opp i prosjekt som er under realisering, til dømes:
- Kronstad DPS
- Nye operasjonsstover i Sentralblokka, (dagkirurgi og thoraxkirurgi)
- Barne- og ungdomssenter, fase 1
I tillegg til dette blir fleire andre tiltak innarbeidd i arealplanen, nokre store og nokre mindre. Dette gjeld til dømes:
- Sengebygg sør (avlastningsbygg)
- Mottaksklinikk
- Poliklinikkfunksjonen i Sentralblokka – start av arbeidet
- Flytting av intensivdelen av brannskaden/etablering av traumeintensiv
- Oppgradering av Dr. Martens - utvikling av tilbodet til ruspasientar
Sjå PP-presentasjon frå styremøte
Publisert
22.06.2012 15:30 |
Endret
22.06.2012 15:55