|
| foto: Colourbox |
I styremøtet 19.oktober vart Områdeplan for svangerskaps- fødsels- og barselomsorg i Helse Bergen vedtatt. Det er styreleiar Ranveig Frøiland glad for.
– Ei god svangerskaps-, fødsels og barselomsorg krev god kommunikasjon og samarbeid mellom kommunane og sjukehuset. Denne planen er heilt i tråd med samhandlingsreforma, seier ho.
Vil utvide "Jordmor hjem"
Planen vil vere eit grunnlag for å inngå individuelle avtalar mellom Helse Bergen og dei 22 kommunane i føretaket sitt opptaksområde. Det gjeld både avtalar for vidareutvikling av tenesta, og for utprøving av nye modellar for samarbeid for å oppnå ei endå betre svangerskaps- fødsels- og barselomsorg i Hordaland.
– Vi har venta i spenning på denne planen, seier klinikkdirektør Ingrid Johanne Garnes ved Kvinneklinikken (KK).
– Og det er veldig kjekt at den no har kome og er godkjent. For KK er ikkje planen berre i tråd med samhandlingsreforma, den betyr også at ein del område der vi alt har begynt endringar, vil bli ivaretatt og vidareutvikla.
Garnes nemner spesielt jordmoroppfølginga av friske barselkvinner. Prosjektet ”Jordmor hjem” er eit eksempel.
– Vi starta forsiktig, og i løpet av vel to år har 500 kvinner nytta seg av tilbodet om å reise tidleg heim og få jordmor på heimebesøk. Dette tilbodet ønskjer vi å utvide, og vi ønskjer å starte andre pilotprosjekt. Det ligg mykje spennande utviklingsarbeid framover for både kommunane og oss, seier ho.
Elektronisk dataoverføring
Den nye planen skal også bidra til å vidareutvikle eksisterande rutinar, informasjonsflyt og kommunikasjon mellom føretaket og kommunane i opptaksområdet.
– Det kan til tider vere eit problem for oss at nokon nyttar elektroniske dataverktøy og andre ikkje. Eit pilotprosjekt saman med Bergen kommune om elektronisk dataoverføring står høgt på ønskjelista, fortel Garnes.
Arbeidet med områdeplanen har vist at det er stor semje og stort engasjement både i kommunane og sjukehusa til å utvikle og forbetre tilbodet til gravide, fødande og barselkvinner.
– Ved å vere offensive og prøve ut nye modellar for samhandling vil tilbodet til kvinner før, under og etter fødsel bli forbetra og utvikla, og ein større del av oppfølginga vil etter kvart bli overført til kommunane, i tråd med samhandlingsreforma, seier Garnes.
– Vi ser for oss at det første kommunane overtar, er barselomsorga for friske nyfødde og friske barselkvinner. På sikt vil dette kunne føre til eit endå betre tilbod for dei fødande som av medisinske grunnar må vere på sjukehus etter fødselen.
Publisert
27.10.2010 11:20 |
Endret
27.02.2013 11:39