|
| Foto: Colourbox |
- Dei innovative studentane er henta inn for å jobbe med problemstillingar rundt den eksisterande infrastrukturen i bygningsmassen til sjukehuset. Vi trur vi får nyttige innspel til korleis forbetre areala, alt frå store til små ombyggingar, samt nye bygg, seier initiativtakar og prosjektleiar Bror Hansen.
Prosjektet er ein del av 3.årsstudentane sin avsluttande eksamensoppgåve, og resulterer i ein utstilling på Haukeland i slutten av mai/starten på juni.
- Innspela kan ikkje bli samanlikna med ferdige produkt frå eit arkitektkontor, men skal bli brukt i ein idébank av Prosjektkontoret i Drift/teknisk divisjon, som eit supplement til strategiplanen og arealplanen i Helse Bergen. Dette er ein vinn-vinn-situasjon for alle involverte, og studentane er dyktige konsulentar for oss, seier Hansen.
Rekruttering
- Det er første gong BAS er involvert i eit slikt prosjekt på Haukeland, og vi håpar at samarbeidet skal vere med på å synleggjere grensesnittet mellom helse og arkitektur for å auke kompetansen blant arkitektar som ønskjer å jobbe innan dette feltet når dei er ferdig utdanna.
Hansen er sjølv utdanna sjukepleiar og har jobba fleire år i Sentralblokka. Sidan har han tatt ein master i arkitektur på nettopp BAS, og han jobbar no på Prosjektkontoret i Drift/teknisk divisjon.
Friske bygg?
- Bygga vi jobbar i har mellom anna innverknad på trivsel hos dei tilsette. Sentralblokka er eit komplekst bygg som opphavleg blei bygga for eit anna føremål enn det blir brukt som i dag. På mange måtar kan ein seie at ein har bygga ein maskin og putta menneske inn i maskinen, seier Hansen og legg til;
- Arkitektstudentane har med seg eit anna perspektiv når dei no lagar forslag til korleis å løyse ein del av dei utfordringane vi står overfor. Til dømes stiller dei spørsmål om bygga gjer folk friske. Både pasientar, pårørande og tilsette.
Kunnskapsbank
Vegar Valle og Vigleik Skogerbø er to av arkitektstudentane som bruker mykje tid på sjukehuset om dagen. Dei er nettopp ferdig med researchfasen og er godt i gong med sine eksamensprosjekt.
Valle ser nærmare på korleis studentar innan ulike helsefag kan vere nærmare sjukehusmiljøet allereie frå starten av studiet.
– No er til dømes 1. og 2. klasse på medisinstudiet veldig låst til BB-bygget. Dei kjem ikkje på sjukehuset før den kliniske praksisen tek til i 3. klasse. Mitt prosjekt har førebels fokus på å fremje ein møteplass i form av eit offentleg, fagleg fora, kanskje ein slags kunnskapsbank i lokalar som gjer at universitetet og sjukehuset blir knytt enda nærare kvarandre, seier Valle.
Bybanestopp under Sentralblokka?
Skogerbø jobbar med korleis vegsystemet rundt sjukehuset kan bli betre tilrettelagt for både pasientar, pårørande og tilsette. Eksamensoppgåva hans kjem mellom anna til å foreslå bybanestopp rett under Sentralblokka.
– Dette kurset utfordrar oss til å tenkje nytt når det gjeld å prosjektere/rehabilitere bygg i ei kompleks kontekst. Det er mange omsyn å ta når det handlar om sjuke menneske, men det er motiverande å vite at våre forslag er realistiske prosjekt som vil kunne bli brukt av sjukehuset i framtida, seier dei to.
Publisert
29.03.2012 12:35 |
Endret
02.04.2012 14:40