Sjå programmet her
Kurset er for personar med kronisk nyresvikt som er under behandling av nefrolog ved Helse Bergen eller Haraldsplass Diakonale sykehus, og deira pårørande.
Målsetting
- Gi individuell vegleiing og gruppebasert undervisning som gjer det mulig å delta i av behandling.
- Kunnskap skal bidra til auka tryggleik og meistring i kvardagen.
- Dialog med representantar frå ulike faggrupper
- Møte andre i same situasjon
Tid 2012
Kurset går ein gang i veka over 4 veker.
Første gang 24. april, 15. mai, 22. mai og 29. mai.
Alle dager kl. 12.30-15.30
Stad
Lærings- og mestringssenteret i Bergen, Ulriksdal Helsepark 4. etg. Ulriksdal 2 (v/innkjørsel til Haraldsplass sjukehus)
Pris
Kr. 307,- kan skrives i eigendelskortet til pasienten. Gratis ved frikort. Pårørande gratis. Enkel lunsj serveres.
Avbestilling seinast 24 timer før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, krev sjukehuset ein eigendel på kr. 306. Dette gjeld og om du har frikort.
Påmelding
For å delta må ein både ha tilvising frå nefrolog (nyrespesialist) og melde seg på.
Påmelding på tlf. 55973013 eller e-post: opplaering@helse-bergen.no. Gi beskjed om du er pasient eller pårørande. Meld frå om spesielle behov.
Vi anbefaler pårørande å delta på kurset. Også dei kan ha nytte av å treffe andre i samme situasjon.
Kurset er utvikla av Medisinsk avdeling, Haukeland universitetssjukehus i samarbeid med Landsforeninga for nyrepasientar og transplanterte (LNT) og Lærings- og meistringssenteret i Bergen.
Reise-, kost- og overnattingsutgifter ved legehenviste kurs, blir dekka etter faste satsar mot eigendel. Reise bestiller du gjennom Pasientreisekontoret, tlf. 05515, www.pasientreiser.no, snarast mulig etter innkalling. Ta vare på kvitteringer. Pårørande kan og få dekka kostnadar dersom det står i tilvisinga at pårørande skal ledsage.
Publisert
19.08.2010 12:56 |
Endret
26.10.2012 08:58