"Ein god start ved Diabetes type 2"
Kurset er for pasientar med Type 2-diabetes med ulike behandlingstypar (kostregulert, tablettar, insulin) og deira pårørande.
Målsetning
Deltakarane får
- kunnskap om sjukdom og behandling
- kunnskap om riktig ernæring
- introduksjon til fysisk aktivitet
- treffe andre i same situasjon
- inspirasjon til meistring og sjølvhjelp ved livsstilsendring
Kursa går over to dagar med ei til to veke mellom.
8. og 22. januar 2013
Begge dagar 09.00 - 15.00
Stad
Lærings- og meistringssenteret i Bergen,
Ulriksdal Helsepark, Ulriksdal 2
(v/innkjørsel til Haraldsplass sykehus)
Pris
Kr. 307 i eigendel – kan skrivast i eigendelskortet. Gratis ved frikort. Pårørande gratis. Enkel lunsj inkludert.
Avbestilling seinast 24 timer før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs krev sjukehuset ein eigendel på kr 306,-. Dette gjeld også om du har frikort.
Påmelding
Du treng både tilvisning frå fastlege og påmelding pr. e-post eller tlf. for å delta på kurset.
Pårørande trenger ikkje tilvisning.Gi beskjed til fastlegen ved behov for sjukemelding.
Tilvisning frå fastlege sendast: Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Bergen, Ulriksdal 2, 5009 Bergen. Merk konvolutten "Kurs Diabetes2".
Påmelding gjør du sjølv på e-post
opplaering@helse-bergen.no eller på tlf. 55973013, snarast mulig etter at brev om kurs er mottatt. Meld frå om spesielle behov og om du er pasient eller pårørande.
Du vil få bekrefta plass på kurs.
Med atterhald om plass på ønska dato, og tilstrekkeleg påmeldte. Det kan blir endringar i programmet.
Reise-, kost- og overnattingsutgifter ved legetilviste kurs dekkes etter faste satsar mot ein eigendel. Pårørande kan få dekket kostnader dersom det står i tilvisning frå lege at pårørande skal delta. Reise må bestillast gjennom Pasientreisekontoret, tlf. 05515, www.pasientreiser.no:
• Send kopi av innkallingsbrev til Pasientreiser
• Ta kontakt med Pasientreiser etter noen dagar
• Avtal direkte med Pasientreiser korleis du skal reise/overnatte
Ved behov for taxi får du ein drosjerekvisisjon frå fastlegen og bestiller turen gjennom Pasientreiser.
Ta vare på kvitteringar.
|
Tørstar etter meir kunnskap
– Eg er ikkje nonchalant sjølv om eg er overvektig, seier Agnethe Seierstad. Det er om lag eitt år sidan 53-åringen fekk påvist diabetes type 2, og sidan har ho vore desperat etter meir kunnskap om kva ho kan gjere for å leve best mogleg med sjukdommen.
No deltek ho og atten andre på Lærings – og meistringssenteret (LMS) i Bergen sitt Start-kurs for denne pasientgruppa.
– Kvifor har eg ikkje fått vite dette før? Dette har eg lengta etter lenge. Opplegget her er akkurat det eg treng, og noko av det beste er at eg endeleg får stilt alle dei spørsmåla eg har. Her har eg ekspertisen rett framfor meg, seier Agnethe, når siste kursdag er halvvegs unnagjort.
Forvirra over informasjonsmengda
For ei tid tilbake stod Agnethe på badet og hadde radio på i bakgrunnen. Ho skvatt då ho høyrde ein lege seie at dei gruer seg for å opne døra for pasientar med såkalla livsstilssjukdommar som til dømes diabetes type 2.
– Då vart eg sint. Sjølv om eg har diabetes type 2, betyr det ikkje at eg ikkje vil vite mest mogleg om sjukdommen, sånn at eg kan få den hjelpa eg treng, seier ho.
For Agnethe har det vore eit problem at informasjonsmengda er så enorm. Både i media, på internett og blant ekspertane. Nokon seier det eine, medan andre seier noko heilt anna. Ho har vore mykje frustrert.
– Korleis skal eg klare å velje ut kva eg skal tru på? Korleis veit eg kva som er det rette for meg?
Kosthald er viktig
– Kva slags forventingar har de til dette kurset?, spør kursleiar og diabetessjukepleiar Elisabeth Iversen frå Medisinsk avdeling på Haukeland universitetssjukehus.
Alle trekkjer fram kosthald og ernæring som eit viktig tema. I løpet av kurset er tre timar sett av til undervisning frå ernæringsfysiolog Hanne Sylte Landsvik, ved Avdeling for klinisk ernæring på Haukeland.
– Er det nokon her som har gjort endringar i kosthaldet sitt etter at dei fekk diagnosen?, spør ho.
Nesten alle rekk opp handa, mens spørsmåla haglar.
Møter andre i same situasjon
– Det er utruleg kjekt å møte andre i same situasjon, sjølv om alle har sin eigen grunn til kvifor dei har fått diagnosen. Det viser seg at problemstillingane er mykje dei same, påpeikar Agnethe.
Ernæringsfysiologen deler ut ark med konkrete eksempel på mat og drikke som er bra for helsa.
– No trur eg at eg så vidt skimtar eit lys i enden av tunellen, kviskrar Agnethe.
|
Publisert
05.06.2010 22:55 |
Endret
08.01.2013 12:44